Millionstøtte frå Sparebanken Vest til PitStop

edit today
I dag overrekte Sparebanken Vest ein sjekk på 1,5 millionar kroner til PitStop Straume. – Dette reddar oss, rett og slett, seier Kristina Bergsvik.

Fleire og fleire ungdommar opplever psykiske helseutfordringer som gjer det vanskeleg å fullføra skulen, og starta vaksenlivet. Ikkje minst etter pandemien. Med 1,5 millioner kroner i støtte frå Sparebanken Vest kan PitStop Sotra hjelpa endå fleire.

– Vi reagerte med stor glede og blei våt i augekroken då Sparebanken Vest meddelte dette. Økonomisk sto det dårleg til. Dette reddar oss rett og slett, seier dagleg leiar Kristina Bergsvik.

PitStop støttar unge mennesker mellom 15 og 25 år med psykiske helseutfordringar til å komma seg tilbake i skule og arbeid. Gjennom tett oppfølging frå fagpersonar, og daglege aktivitetar får ungdommane styrka sjølvkjensle, sosial kompetanse og sjølvtillit.

Men PitStop strevar stadig med å få økonomien til å gå rundt. Halvannan million i støtte betyr mykje.

– Dette er av enorm verdi for oss. Vi har mange gode tilsette og ønskjer sjølvsagt å behalde den gode arbeidskrafta og kompetansen over tid, seier Bergsvik.

80 % kjem tilbake til skulen

Sidan 2016 har PitStop drive dette forebyggande lågterskeltilbodet, og 275 ungdommar har vore gjennom programmet. Resultatet er at ein høg prosentdel av dei har komt tilbake i skule, arbeid eller annan tilrettelagt aktivitet.

Banksjef Camilla Nygård i Sparebanken Vest på Straume meiner PitStop gjer ein enormt viktig jobb, og at tilbodet er svært verdifullt for ungdom som fell utafor.

– I tillegg er arbeidet deira – og verdiane dei står for – i tråd med det vi ønskjer å få til gjennom våre allmennyttige midlar. Vi ønskjer å samarbeida med aktørar som har funne effektive løysinger som igjen skapar reel meistring og jobbdeltaking. Vi veit at PitStop sine tiltak fungerer, og dei kan visa til konkrete resultat med at 80 % er tilbake på skulen etter å ha vore innom hos dei, seier Nygård.

Hos Stian Trellevik i SalmonCuts får ungdommane som går gjennom PitStop sine program tilbod om arbeidstrening.
– Eit utruleg viktig arbeid

Ein av banken sine ambisjonar er å bidra til å bekjempa økonomisk og sosial ulikskap gjennom tildeling av midlar til initiativ som motverkar utanforskap.

– Kva tenkjer du om at stadig fleire unge slit med å fullføra skulen og starta vaksenlivet?

– Det er sjølvsagt heilt forferdeleg. Vi veit av levekårsundersøkingar at fleire enn tidlegare rapporterer om psykiske utfordringar og einsemd. Eg trur også vi ser konsekvensar av pandemien. Mange har blitt isolerte frå skule og arbeidsliv, og slit med å komma seg tilbake. For nokre er også barrieren for å oppsøke hjelp store. Derfor er eit lågtekseltilbod som det PitStop tilbyr viktig for dei som treng hjelp tilbake. I ei tid med lange helsekøar i det offentlege, gir PitStop eit alternativ. Dette gjer at dei både kan avlasta køen, men også fanga opp unge før de hamnar der. Dette er utruleg viktig, seier Nygård.

Les også

keyboard_arrow_up