NAV: – Enormt stor pågang

edit today
NAV Øygarden får fleire søknader om dagpengar no enn då oljekrisa var på sitt verste. Her kjem dei med viktig informasjon om permitteringar.

– Det er sjølvsagt enorm stor pågang no, det merkar vi her akkurat som resten av landet. Vi snakkar om meir enn ei dobling i talet på søknader om dagpengar frå 10. – 17. mars, fortel marknadskoordinator Anne Kristin Overå i NAV Øygarden.

Per 17. mars hadde NAV registrert 1211 arbeidsledige i Øygarden. Det tilsvarer 6,1 prosent av arbeidsstyrken.

Berre den siste veka auka talet med 662 ledige. Ein auke på 121 prosent.

Lågare auke enn andre

– Talet er no over toppen i januar 2017 då oljekrisa var på sitt verste, fortel Overå.

I Bergen var auken på 167 prosent sist veke, og på Askøy 158 prosent. Snittet for heile Vestland fylke var ein auke i søknader om dagpengar på 152 prosent.

– Alle gjer alt dei kan

NAV-kontora er midlertidig stengde. Dei tilsette sit på heimekontor, og held kontakten og jobbar derifrå.

– No merkar vi kor godt det er at vi har bygd ut systemet så godt som vi har. Men vi er ikkje rigga for ei slik eksplosiv auke som vi har no. Likevel har eg inntrykk av at alle set alle klutar til og prøver å gjere det vi kan, så godt vi kan, pluss litt til, seier Overå.

Onsdag sendte NAV Øygarden ut eit brev med informasjon til arbeidsgjevarar om permitteringar. Der får også tilsette som blir permittert informasjon og råd.

Les også

keyboard_arrow_up