– Målet er å berga arbeidsplassar

edit today
Over fire millionar kroner skal delast ut til kriseramma verksemder i Øygarden. No er søknadsskjemaet opna.

Stortinget bestemte like før jul å gje 250 millionar kroner slik at kommunane kan kompensera lokalt næringsliv som er spesielt ramma av korona-pandemien, og har spesielt høg arbeidsløyse. Øygarden kommune fekk 4,34 millionar av potten.

Kriteria for tildeling av midlar blei vedtatt i formannskapet i Øygarden 21. januar.

– Sidan vedtaket blei gjort like før helga, har kommunen jobba raskt med å gjera klart søknadsskjema. Det er fordi desse pengane skal raskt ut for å hjelpa dei som verkeleg treng hjelp no, seier dagleg leiar Anita Mannes i Øygarden næringsutvikling.

Målgruppa for støtta er restaurantar og reiseliv, samt sosiale entreprenørar og småbedrifter registrert i kommunen.

– Tal frå Nav syner at det er innan desse bransjane vi no har høgast tal på arbeidsløyse. Målet er heilt klart å berge arbeidsplassar, seier Mannes.

Kriteria for å kunna få midlar er:
  • Verksemda skal ha hatt drift i år 2019
  • Verksemda må ha omsetningssvikt eller likviditetsutfordingar grunna Covid-19 pandemien.
  • Verksemda må vera i restaurant- eller reiselivsbransjen, sosial entreprenør, eller vera ei mindre lokal verksemd med særskilt behov.
  • Føretaket må vera registrert i Brønnøysund under Øygarden kommune.
Så mykje kan ein få:
  • Omsetning inntil 3 millionar i 2019 kan tildelast inntil 100.000 kr
  • Omsetning mellom 3-30 millionar i 2019 kan tildelast 150.000 kr
  • Omsetning over 30 millionar i omsetning i 2019 kan tildelast 200.000 kr
Søknadsfristen er 9. februar 2021.

Dersom søknaden blir innvilga blir midlane utbetalt til verksemda sitt kontonummer innan to veker etter behandla søknad. Avgjerda blir tatt av styret i Øygarden næringsutvikling 17. februar. Behandlinga av tildelinga av krisemidlane er offentleg informasjon.

Gå til søknadsskjema her!

Les også

keyboard_arrow_up