– Oi, dette var eit bra foredrag!

edit today
Du veit du har vore med på noko spesielt når dette er det du får høyre etterpå.

For det var spesielt. Spesielt bra. Kanskje fordi vi hadde eit ørlite behov for ein psykolog-time alle saman etter dette siste halve året. Ein coach som kunne leie oss vidare framover. Elke Rønningen er begge deler, og ho fekk oss til å følgje med i halvannan time tysdag føremiddag.

Nådelaus prioritering av tid

Rønningen viste oss korleis vri hovudet og tankegangen for å hjelpe oss sjølv med levetips. Spesielt ville ho at tilhøyrarane skulle bli bevisste på korleis vi brukar tida vår.

– Å bruke tida på feil ting, gjer folk utbrente!

Ho mana oss til å evaluera relasjonar og aktivitetar. Både på jobb og privat. Ho ville vi skulle spørja oss sjølv: Kor mykje bidreg det du gjer til at du trivs?

– Ver nådelaus i prioriteringane! Då får du energi! Stå for dei vala du gjer, og du skal sjå på at du får sjølvtillit!

– Skaff deg ei alarmklokke!

Dei mest konkrete tipsa vi fekk handla om mobiltelefonen.

  1. Slutt å bruke mobiltelefonen til vekking om morgonen. Alarm på telefonen gjer at svært mange går rett vidare til epost-appen eller let seg bombardere av nyheiter.
  2. Slå av varsler på mobilen. Det får tanken du var inne på til å forsvinna.

– Hjernen kan ikkje multitaske. Mitt råd er å gi seg selv fokustid der du slår av, og legg opp til å få tid utan støy og varsler, sa Rønningen.

Dagens intensjon

Rønningen lærte oss omgrepet «intensjonell planlegging». Det å leggje ein plan for veka, ein plan for kvar dag. Å bestemme seg for å gjera noko som for deg gjer dagen god. Ikkje for å gje deg sjølv dårleg samvit om det ikkje går, men for å ha ein plan.

– Dette øver opp hjernen til å vise at du har kontroll over dagen. Legg mobilen utanfor soverommet, kjøp deg ei alarmklokke til nattbordet, gå rett i dusjen og sett intensjonen for dagen. Og så kan du sjå på mobilen, råda Rønningen til.

Les også

keyboard_arrow_up