Gründerparken Vest er eit samarbeid mellom tre aktørar:
- Øygarden kommune er oppdragsgjevar og bidrar med årleg finansiering
- Straume Teknologisenter (Liegruppen) er huseigar og økonomisk støttespelar
- Vest Næringsråd er ansvarleg for dagleg drift
I Gründerparken Vest er du del av eit fellesskap med andre som er etablerarar av eiga bedrift.
Forventningar
For å få mest mogleg ut av fellesskapet har Gründerparken Vest desse forventningane til deg.
- Bruk fellesareala aktivt. Det skjer mykje deling gjennom den uformelle praten i lunsjen eller andre pausar.
- Ta ein tur innom kontoret til ein av dei andre når det passar sånn.
- Vêr nysgjerrig. Still spørsmål.
- Del aktivt med dei som er lengre nede i gründertrappa.
Det er mange måtar å dele på. Til dømes kan det vera gjennom den uformelle praten, gjennom planlagde innlegg på felles faglunsjar eller at ein bruker litt tid på å koordinere ein aktivitet som skulebesøk eller liknande.
Trappetrinn
Gründerskapet har ulike fasar. For å modne deg som gründer og gjere deg gradvis meir sjølvstendig, har vi ein trappetrinnsmodell.
Dei ulike fasane vil innebere:
- Ulike trinn for kostnadsnivå for deg som leigetakar
- Ulik oppfølging
- Ulike forventningar
Fase 1: Låg husleige, to oppfølgingssamtalar i året, aktiv deltaking i fellesskapet
Fase 2: Noko høgare husleige, ein oppfølgingssamtale i året, aktiv deltaking i fellesskapet, meir ansvar for eventuelle nyetablerte
Fase 3: Øvste trinn for husleige, ein oppfølgingssamtale i året, aktiv deltaking i fellesskapet, meir ansvar for deling av dine erfaringar
Fasane vert tema i 1 til 1- oppfølgingssamtalar mellom deg som gründer og Vest Næringsråd som forvaltar drifta. Formålet med 1 til 1 – samtalane er å avklare behov for støtte, fagleg påfyll og tiltak for deling av kunnskap.
Ledige kontorplassar i Gründerparken
per september 2024 (klikk for større bilde):
Aktivitetar og årshjul
Aktivitetar i Gründerparken Vest kan variere ut frå behov, men utgangspunktet for aktiviteten er eit årshjul.
Kan dette vera noko for deg? Ikkje nøl med å ta kontakt!