– Øygarden bør satse på desse fire

edit today
Ernst & Young har analysert notid og framtid for næringslivet i Øygarden, og har landa på fire prosjekt dei meiner vil trekka folk og arbeidsplassar til kommunen.

– Utgangspunktet er heilt fantastisk samanlikna med veldig mange andre kommunar i fylket, sa Vegard Sjursen i EY.

Han sto framfor eit knippe næringslivsleiarar og presenterte skissa til næringsstrategi for Øygardan kommune tysdag.

Tidleg viste han fram bileta av fire konkrete prosjekt EY meiner blir særs viktige for kommunen framover. Særleg i tida etter at Sotrasambandet er ferdig bygd.

Dei fire prosjekta er:
  • Bergen Havn Ågotnes – ein av dei første usleppsfrie hamnene i Europa
  • Energiparken – mottak for CO2 og hydrogenproduksjon
  • Eide – framtidsretta nærings og innovasjonspark
  • Kystbyen Sotra – Bildetangen 3-4000 husstander og 1-2000 arbeidsplassar

– Desse fire er prosjekt som gir direkte og indirekte positive effektar til kommunen. Dei vil auke attraktiviteten, meiner Sjursen.

– Makalaust!

Asbjørn Algrøy i Marin Eiendomsutvikling og Roy-Eddy Lie, eigedomssjef i Liegruppen, var glade for at både Bildetangen og Eide var med i prioriterte prosjekt. Algrøy er engasjert i arbeidet med områdeplan for Eide.

– Eg har vore spent. Det er makalaust at vi er med. Eg kan ikkje seie det sterkare. Eg er svært optimistisk etter denne dagen. Vi kan vera ein del av denne utviklinga på ein berekraftig måte for samfunnet, sa Algrøy.

Roy-Eddy Lie meiner kystkommunen igjen må venda blikket mot havet og sjøen.

– Då vegane kom på øyane snudde vi ryggen til sjøen, og no har vi eit sentrum der vi ikkje ser sjøen eingong. Eg meiner det er ein kvalitativ verdi i å venda seg mot sjøen, sa han.

Tusenvis av arbeidsplassar
BESTILLAR: Anita Mannes i Øygarden næringsutvikling har bestilt mulighetsscenariet av EY.

Det er det kommunale føretaket Øygarden næringsutvikling KF som har bestilt rapporten frå EY. er ikkje styrebehandla av føretaket, heller ikkje behandla i noko politisk organ i kommunen. Men rapporten osar av optimisme.

EY presenterte tre scenario for verdiskaping fram mot 2035 der det mest optimistiske viser ei auke frå ni milliardar kroner i 2019 til 13 milliardar i 2035. Dette berre i privat sektor.

Når det gjeld talet på sysselsette viser det optimistiske anslaget ei auke frå 12 tusen i 2020 til knapt 15 tusen i 2035.

– Kombinasjonen av folk, ressursar og geografisk plassering gjer at Øygarden har alle føresetnader for å verta utstillingsvindauga for næringslivet i framtida, meiner Sjursen i EY.

Satsingsområder

EY peiker på fem fokusområde for næringsutvikling i Øygarden:

  • Først på karbonfangst, best på karbonutnytting
  • Knutepunkt for heile Vestland når det gjeld grøn skipsfart
  • Akselerator for «grøne» løysingar i havet
  • Best på samarbeid og nyskaping
  • Ein kystby i utvikling

Ordførar Tom Georg Indrevik tok ordet etter å ha fått presentert rapporten. Kor mange ordførarar i Noreg får ein slik start på dagen.

– Vi kan ikkje vedta at dette skal skje, men vi har ein jobb å gjere, og det er å leggje til rette for det. Dette er eit utruleg bra grunnlag, og vi er samde om dei lange linjene her ute, sa ordføraren.

GOD STEMNING: – Vi har ein jobb å gjere, og det er å leggje til rette for utviklinga, sa ordførar Tom Georg Indrevik etter å ha sett EY sin presentasjon av framtidas næringsliv i Øygarden. Til venstre: Vegard Sjursen, i midten Kurt Andreassen.

Les også

keyboard_arrow_up