Heilt i hundre på treff

edit today
Takk til dei vel hundre som fekk med seg treffet torsdag. Her kan du sjå bilda derfrå.

Tusen takk til AGS IT-partner med brødrene Pål Bjerknes og Kristian Bjerknes som innleia rundt temaet om dataangrep. Stafettpinnen gjekk rett vidare til Söderberg & Partners som verkeleg sette oss inn i alvoret.

– Dei seks første månadene i 2023 klarte cyberkriminelle å få utbetalt 450 millionar dollar i løysepengar, fortalte Carsten Scharff.

Han poengterte også at alle bedrifter må begynne å tenke at de er et potensielt mål for hackere.

Innhaldet gjorde deretter eit kraftig byks til den moderne leiarrolla. Skal ein som leiar godta at arbeidstakarane ønskjer å veksle mellom heimekontor og kontor, og i tillegg ha fleksitid? Ja, det må du nok viss du har tenkt å behalde dei tilsette.

For:

  • 63 % er forberedt på å bytte jobb om dei ikkje får fleksibiliteten dei ønskjer seg
  • 90 % ønskjer ei fleksibel arbeidsløysing

– Tilsette som får bestemma sjølv, presterer betre. Det er konkurransekraft, sa Inghild Härström frå Azets. Ho hadde med seg kollega Stein H. Forsdahl som mellom anna kom med det han kalla eit gratis triks:

– Kvar gong ein medarbeider kjem til deg med eit spørsmål, har vedkommande allereie svaret.

(Klikk på bildet for større versjon)

Les også

keyboard_arrow_up