Skal våga å vere synlege

edit today
Dei gule og svarte bilane med skilta «kredit» og «debit», det treffande namnet Ibalanse, den lette tonen og kunde-videoar på Youtube. No har det starta eit rekneskapskontor i Øygarden som ønskjer å bli lagt merke til.

–  Eg håpar vi kan få eit godt renommé, at vi er synlege og blir sett. Draumen er at folk som treng rekneskaps-hjelp tenkjer Ibalanse Sotra, seier Marita Angeltveit Fjøren.

FØRSTE KUNDE: Kontor-nabo Aleksander Helmersberg i Milla Says blei Ibalanse sin første kunde i Øygarden. FOTO: Benjamin Dyrdal, Diligo Media AS

Ho starta frå nyttår bedrifta saman med ungdomskameraten Rune Kvilhaugsvik. Han frå Møvik, ho frå Ågotnes. Rune har gjort det før. Han eig halve bedrifta. For Marita var ikkje steget ut i gründer-tilveret sjølvsagt. Ho måtte bli overtalt til å seie opp fast og trygg jobb i det som no blir ein av hennar konkurrentar.

– Eg er ein person som normalt tek trygge val. Eg hadde trygg jobb og hadde det veldig fint der eg var, så det å hoppa ut i noko eg ikkje veit kva er, er litt utypisk meg, innrømmer ho.

Plass til fleire

Initiativtakar var Rune Kvilhaugsvik. Han slo på tråden til Marita like etter at ho hadde vore gjennom ein fødsel. Midt i ammetåka grubla ho på ideen, og ute av tåka var planen nokså klar.

– Rune ringte igjen og sa at han skulle starte på Sotra, og då tenkte eg: no eller aldri, fortel ho.

Rune Kvilhaugsvik som ringte, har etablert seg med hus og heim og ein garasje med så stort loft at der er plass til dei tre tilsette i rekneskapskontoret på Fitjar. Det er fire år sidan han starta Ibalanse der, og veksten han har opplevd gjorde at han ville prøve å gjere det same fleire stader.

Så då starta dei på bar bakke på nytt. Utan kundar i Øygarden.

DEBET VAR OPPTATT: Men «DEBIT» rimar betre med den andre bilen «KREDIT». Dermed måtte det bli det.

– Eg er sikker på at i løpet av eit halvår så har Marita ein portefølje som gjer at ho driv godt åleine, og eg trur Ibalanse Sotra snart vil vera større enn på Fitjar, seier han, og grunngjev det med næringsutviklinga vest for Bergen.

– Vi er sikre på at det er plass til eit rekneskapskontor til her.

Svarer alltid
VELKOMMEN: Vest Næringsråd ønskjer nye gründarar velkommen til Gründerparken Vest. Dagleg leiar Rikard Toft Ledang. FOTO: Benjamin Dyrdal, Diligo Media AS

– Folk må iallfall ikkje vera redde for å ta kontakt. Rekneskapsførarar er ikkje nødvendigvis så tørre og kjedelege som vi gjerne blir framstilt, seier Marita Angeltveit Fjøren mens ho smiler til business-kompanjongen.

Ho vil vere den tilgjengelege rekneskapsføraren som gjer akkurat så mykje for bedriftene som dei sjølv ønskjer. Små og store. Slagordet er «Vi ordnar rekneskapen».

– Ingen kundar skal oppleva at eg er vanskeleg å få tak i. Det finns ingen dumme spørsmål. Det er jobben min å hjelpe, seier ho.

– Verdifullt med kontorplass

Det er generelt gode smil og lunt humør over dei to. Men ein kan ane at Rune er ørlite misunneleg på at Marita heilt frå starten fekk plass i Gründerparken Vest. Sjølv starta han firma på garasjeloftet før taket var lagt på.

No var et kjennskap til fleire av gründerane som held til i Straume Teknologisenter som gjorde at dei fekk tips om å søkja plass der.

– Eg kjenner nokre av dei andre gründerane her frå før, så eg er blitt veldig godt tatt imot. Det er god stemning her. Planen var å sitje heime i starten, det kan vera fint av og til det, men å ha eit kontor å gå til er verdifullt for meg. Å ha eit sosialt miljø og nokon å ete lunsj med, seier Marita Angeltveit Fjøren.

I videoen under ser du bedrifta sin måte å fortelja at dei startar kontor i Øygarden:

Vi legg til rette for deg som ønskjer å skapa arbeidsplassar, uansett om ønsket kjem fra ein heilt sprø innovativ idé, eller eit sterkt ønske om å starte for deg sjølv.

  • Rimelege kontor av ulik storleik, møterom og fellesareal
  • Kurs og seminarer med kompetanse- og finansieringsmiljøet
  • Møteplass for oppstartbedrifter i Øygarden

Les også

keyboard_arrow_up