Slik finn du ut om du kan søkje kompensasjon

edit today
Regjeringa opna i dag for søknader om tilskot som skal dekke uunngåelege kostnader i fjor haust. Men før du brukar altfor mykje tid på søknaden bør du sjekke om du i det heile kan søkje.

– Det er nok mange som har brukt lang tid på å fylle ut søknaden, og så plutseleg oppdagar ein at ein ikkje fell inn under kriteria. Difor anbefaler eg å gå gjennom dette skjemaet først. Då finn du raskt ut om du faktisk kan søkje, seier Sirianne Hellerud i Vekstportalen.

I dette skjemaet må du svare på inntil ti spørsmål, og deretter veit du om det er verdt å fylle ut søknaden.

Må bevise fall i omsetning

Måndag opna Regjeringa for søknader om tilskot for omsetningsfall på meir enn 30 prosent dei siste fire månadene av 2020. Det er venta at tusenvis av bedrifter kan få utbetalt pengar om få dagar.

– Du kan søkje for to månader om gangen: september og oktober, eller november og desember. Omsetningen skal samanliknast med same månader i 2019, forklarar Hellerud.

Har du spørsmål om ordninga eller andre tiltakspakker, ring servicetelefonen for næringslivet der Sirianne svarer: 469 59 693, eller send ein epost til sirianne@vnr.no.

Regjeringa meiner kompensasjonsordninga er eit av dei viktigaste tiltaka for å hjelpe dei mange små og store bedriftene som har fått redusert aktiviteten sin som følge av korona-pandemien. Ordninga dekkjer inntil 70 prosent av faste unngåelige kostnader for september og oktober, og 85 prosent for november og desember.

Hardast ramma får mest

Bedrifter som har papirene i orden, vil få pengene raskt inn på konto når de har søkt.

– Eg veit at mange har venta utålmodig på økonomisk støtte. Næringslivet vårt slit fortsatt i motbakke, og eg håpar og trur mange vil søkje om tilskot no når kompensasjonsordninga opnar. Ordninga er slik at dei hardast ramma bedriftene får mest støtte. Kompensasjonsordninga er laga så brei som mogleg for å hjelpa dei fleste som har stort omsetningsfall som følge av pandemien, seier næringsminister Iselin Nybø i ei pressemelding.

Fakta om ordninga:
  • Den nye kompensasjonsordninga for næringslivet byggjer på den tidlegare ordninga forvalta av Skatteetaten.
  • Ordninga gjeld for perioden frå 1. september 2020 til 30. april 2021, og støtte vil bli rekna for to månader om gangen. Søknad for dei to første periodane, dvs. september/oktober og november/desember skal sendast innan 14. mars 2021. Søknad for januar og februar skal sendast innan 15. mai 2021.
  • Støtte blir rekna med utgangspunkt i faste, uunngåelige kostnader, ganga med omsetningsfall i prosent og ganga med ein justeringsfaktor. Når omsetningsfallet inngår i beregningsmodellen, vil støtte auka dersom strengare smitteverntiltak fører til at bedriftene får høgare omsetningsfall.
  • Ei vidareføring av ordninga må godkjennast av ESA før den kan tre i kraft.
  • Meir informasjon om ordninga fins på www.kompensasjonsordning.no.

Les også

keyboard_arrow_up