Slik kan ein «idiotisk» idé bli meiningsfull

edit today
3500 høgdemeter og 33 kilometer. Benjamin Torsvik innrømmer at ideen om å gå 15 turar på Liatårnet på samme dag var idiotisk.

– Å gjere dette berre for eigen skuld ville vore idiotisk, men å gå desse turane for andre gjer det veldig meiningsfullt.

Til inntekt for Kreftforeninga har 24-åringen tatt på seg sitt livs oppdrag. På eige initiativ. Han inviterer til Strilasløyfo, der han i løpet av 18 timar laurdag 17. april skal bestiga det høgaste fjellet i Øygarden 15 gongar.

Kvar tur har bedrifter sponsa med mellom 1000 og 15 000 kroner.

– Det går over all forventning, og eg trur det kjem til å bli ein fantastisk dag trass i mjølkesyre oppetter øyrene. Men akkurat dét tenkjer eg ikkje på, seier Torsvik, som til dagleg er programleiar i Radio Sotra og teknisk sjef for kinoen på Straume.

OPPDATERING: Tre dagar før gjennomføringa hamna Benjamin Torsvik i korona-karantene, så Strilasløyfo er utsett i første omgang ei veke, til laurdag 24. april.

– Fins ikkje betre sak å gje til

Idéen var sprø, han innrømmer det, men når han no merkar engasjementet for kreft-saka, gler han seg til blodslitet. Med mindre ambulansehelikopteret må henta han ned, så skal han fullføra.

Bak denne iveren ligg tanken om å gjera noko utover seg sjølv. Då tek han gjerne på seg rolla som pakk-esel.

– Det gjer meg hundre gongar meir motivert å ha nokon i ryggen og tenkje på pengesummane som står på spel til inntekt for Kreftforeininga. Dess meir folk støttar saka, dess kjekkare er det. At ein slik idiotisk idé kan fenga så mange er kjempegøy, men eg trur mange er einige i at det ikkje finns ei betre sak å bidra med pengar til, seier Benjamin.

15 sponsorar

Krafttak mot kreft – bedriftsstafetten er no oppe i 338 000 innsamla kroner. I tillegg til dette har fleire av bidragsytarane også gått inn som sponsor for Torsvik sine toppturar. Alle 15 turane er no sponsa, og det betyr at alle arrangement under Krafttak mot kreft i Øygarden totalt har samla inn 517 335 kroner.

Turane som er kjøpt:

  • 1000kr – Benjamin Torsvik
  • 2000kr – Straume Fysioterapi
  • 3000kr – Silva Regnskap
  • 4000kr – Bricks AS – Rong senter
  • 5000kr – Vest Næringsråd
  • 6000kr – Radio Sotra
  • 7000kr – RevisorVest / Controller Vest
  • 8000kr – Straume Mesterbygg AS
  • 9000kr – Radio Sotra/Heilt Konge
  • 10.000kr – B. Telle AS
  • 11.000kr – Elon Sotra
  • 12.000kr – Sartor Storsenter
  • 13.000kr – Harddisk/Senterfilm/Absoluttweb
  • 14.000kr – Equinor Sture og Kollsnes
  • 15.000kr – Liegruppen

Følg Strilasløyfo på Facebook, og få med deg direktesendinga frå Benjamin sine turar heile laurdagen.

– Følte meg som ein toppidrettsutøvar

Reint praktisk skal han gå frå Bjørkedalen til toppen av Liatårnet og nedigjen frå klokka 06 om morgonen. Etter fem turar tar han ein times pause før opp- og nedturane fortset til klokka 22 om kvelden.

– Eg tar 5-10 minuttars pause mellom kvar tur, og ein times pause mellom kvar femte tur. Akkurat no er eg i full opptrening, og skal begynna å planlegga kva eg skal få i meg av mat og drikke i pausane, fortel Torsvik.

For sjølv om han har spelt fotball over halve livet, og held seg i ok form, har han aldri vore i nærleiken av toppidrettskapasitet.

– Nei, eg tok faktisk ein telefon til Johan Kaggestad her ein dag. Han gav meg god coaching, og akkurat då følte eg meg som ein toppidrettsutøver, smiler han.

Har fått kjendisar med

Med på turen har han invitert lokale kjendisar, og både første og siste turen skal han få følge av ordførar Tom Georg Indrevik. Torsvik har lagt inn førespurnad til fleire, men kan berre avsløre desse akkurat no:

  • Frode Øverli
  • Tor Endresen og Bjørn Jensen
  • Ove Trellevik
  • Preben Fjell og Kjellemann
  • Stina og Carina Talling med mor og far
  • Erik Huseklepp

På grunn av smittesituasjonen kan ikkje arrangementet bli den folkefesten han først drømte om. Men Liatårnet har god plass, og kven som vil kan bli med og ta turen. Oppmodinga blir likevel at ein tar turen ein annan dag i veka slik at det er trygt for alle smittemessig.

– Vi kan ikkje seie at alle må komma og vera med, men det er nok kjekt å sjå turglade folk rundt seg. Arrangementet vil uansett bli sendt på Facebook, og direkte på Radio Sotra heile dagen, fortel han.

Les også

keyboard_arrow_up