Slik melder du interesse til Sotra Link
Næringslivet fylte den største kinosalen i ODEON Kino Sotra for å få informasjon om bygginga av Sotrasambandet.

Slik melder du interesse til Sotra Link

24. februar | Tekst: Anders Ekanger
På frukostseminaret med Statens vegvesen og Sotra Link fekk dei frammøtte vite kva som står att av kontraktar, og korleis ein melder seg som mogleg underleverandør.

– Dei større pakkane som vert lyste ut framover er tunellar, grunnarbeid, betongarbeid, kulvertar og strukturar (bruer over vatn og land). Det kan vera lurt at de som aktuelle underleverandørar slår dykk saman i konstellasjonar med fleire fag og at vi dermed kan ha eín kontaktperson, sa Oskar Leirgulen i Sotra Link Construction.


Han slo også fast at dei ikkje har kapasitet til leverandørpresentasjonar. For å bli sett på ei leverandørliste forklarte han at dei tar imot henvendingar skrive på engelsk til epost-adressa: PROCUREMENT@SLCJV.NO


Foto: Sotra Link

Leirgulen viste vidare i to lister kva det vil bli behov for snart, og kva som kjem litt seinare:


Snart behov for:

  • Elektro og Automasjon

  • Vatn og Avløp

  • Anleggsgartnar

  • Behov for framover:

    • Kranar

    • Diverse utstyr til arbeidsplassane. Boremaskiner, generatorar, lys, fordelingar, straumledninger osv.

    • Mobilkranar

    • Midlertidig vegmerking

    • Røyrleggarar

    • Asfalt

    • Informasjonsskilt

    • Småarbeid utførande tenester på anleggsplassane

    • Vakthold

    • Lager

    • For å bli underleverandør forventer dei informasjon om: