Slik melder du interesse til Sotra Link

edit today
På frukostseminaret med Statens vegvesen og Sotra Link fekk dei frammøtte vite kva som står att av kontraktar, og korleis ein melder seg som mogleg underleverandør.

– Dei større pakkane som vert lyste ut framover er tunellar, grunnarbeid, betongarbeid, kulvertar og strukturar (bruer over vatn og land). Det kan vera lurt at de som aktuelle underleverandørar slår dykk saman i konstellasjonar med fleire fag og at vi dermed kan ha eín kontaktperson, sa Oskar Leirgulen i Sotra Link Construction.

Han slo også fast at dei ikkje har kapasitet til leverandørpresentasjonar. For å bli sett på ei leverandørliste forklarte han at dei tar imot henvendingar skrive på engelsk til epost-adressa: PROCUREMENT@SLCJV.NO

Foto: Sotra Link

Leirgulen viste vidare i to lister kva det vil bli behov for snart, og kva som kjem litt seinare:

Snart behov for:
  • Elektro og Automasjon
  • Vatn og Avløp
  • Anleggsgartnar
Behov for framover:
  • Kranar
  • Diverse utstyr til arbeidsplassane. Boremaskiner, generatorar, lys, fordelingar, straumledninger osv.
  • Mobilkranar
  • Midlertidig vegmerking
  • Røyrleggarar
  • Asfalt
  • Informasjonsskilt
  • Småarbeid utførande tenester på anleggsplassane
  • Vakthold
  • Lager
For å bli underleverandør forventer dei informasjon om:
  • Omsetning
  • Stadfesting på betalt skatt
  • Kva som kan leveres
  • Kva sertifiseringar bedrifta har
  • Oversikt over referansar
  • Korleis bedrifta kan tilby ein ekstra verdi
Dette skriv andre om møtet:
Bildegalleri frå møtet (trykk på bildet for større versjon):

Les også

keyboard_arrow_up