Slik vil sykkel-VM påverka trafikken på Sotra

edit today

Hovudtraséen for ritta vert stengd i tre timar, og som følgje av dette vert også Vestsidevegen og Bildøyvegen regulerte.

 Vi oppmodar folk til å sykla, gå eller å nytta kollektivtransport i denne perioden, seier beredskapsleiar i Fjell, Sveinung Nymark.

Bussar vert prioritert framfor personbilar den første tida etter at ryttarane har passert.

Grunnen til at Bildøyvegen og Vestsidevegen vert regulert er at desse vegane har for liten kapasitét til å sikra framkomst for naudetatane. I ordinær stengetid vert det ikkje mogleg å køyra inn i desse vegane.

Kommunane vil også gje informasjon ved skilting til trafikantane minst 14 dagar før arrangementet startar.

Ordinær stengetid veg:

  • Laurdag 23. september: kl. 08.30 – 11.30
  • Sundag 24. september: kl. 09.30 – 12.30.

− Det kan bli gjort justeringar på trafikkavviklingsplanen før september, men dette vil vi informera om, påpeiker Nynmark.

Laurdag 23. september vert også Sotrabrua stengt i tidsrommet mellom 08.30 og 11.30 og mellom 09.30 til 12.30 sundag.

Har du viktig informasjon?

Dersom transportnæringa har viktig informasjon som ikkje kommunen har fått med seg, er det berre å ta kontakt.

− Hvis vi veit om det i god tid, kan vi gjere noko med det, påpeikar Vigleik Brekke i Fjell kommune.

Under heile Sykkel-VM-perioden mellom den 16. og 24. september er det omfattande trafikkregulering i Bergen. Dette vil sannsynleg få ringverknader for trafikken i nabokommunane. Les meir om dette på nettsida Bergen2017.

Stengd veg

  • Heile løypetraséen vert stengd i ordinær stengetid (tre timar). I Øygarden vert vegen opna rett etter rittet har gått på laurdag og sundag.
  • Veg sør for rundkøyring på Kolltveit (fv 555) fram til Blommen (avkøyring mot Bildøyna) er stengd i ordinær stengetid.

Regulerte vegar

  • Bildøyvegen (kv 1292): Open for interntrafikk, men stengd innkøyring v/ Sartor Storsenter og Bildøyosen i ordinær stengetid.
  • Vestsidevegen (Ågotnes-Møvika, fv 210): Open for interntrafikk, men stengd for innkøyring ved Ågotnes og Møvika i ordinær stengetid.
  • Trafikantar som bur på eller i Hjelteryggen, Valen, Arefjord, Foldnes, Straume, Brattholmen og Ebbesvika Bildøyna kan ikkje køyra ut av desse områda i  ordinær stengetid.
  • Utrykkingskøyretøy kan nytta vegane.
  • Tidsavgrensa redusert fartsgrense over Rongøy og Toftøy i Øygarden

Legevakt

Legevakta vert tilgjengeleg til ei kvar tid. Dei som ringjer tlf, 116117, får informasjon om korleis dei kjem seg til legevakta.

 

Les også

Meny