Sparebanken Norge samla over 60 lag og organisasjonar og delte ut av overskotet sitt.
– Eg er så utruleg stolt over all den frivilligheita som er i Øygarden. Tenk det å få lov å bu her, og få lov til å oppleva alt dei bidrar til kvar dag. Det er berre strålande, seier banksjef Camilla Nygård.
Saman med kollegaene strødde ho om seg med store sjekkar til alt frå oppgradering av kjøkken i Knappskog vel til innkjøp av optimistjoller i Ran seilforening, frå nytt tak på Morlandstø bedehus til treningsmatter til kampsportklubben.
– Det var berre heilt utruleg gøy å sjå alle desse frivillige. Eg håpar dei også lar seg inspirere av kvarandre til nye prosjekt. For oss i banken gir det i alle fall inspirasjon til å jobbe vidare, seier Nygård.
Stor bank – like lokal
Frå scena takka ho dei 160 frammøte for at dei brukar fritida si i lag og organisasjonar som er med på å byggje Øygardssamfunnet. For sjølv om Sparebanken Vest er blitt Sparebanken Norge, og vil bli ein betydeleg landsdekkande bank, understreka Nygård at dei vil vera like opptekne av lokalmiljøet som før.
– Vi skal vera med og byggja Øygarden og gjera regionen vår til ein endå betre plass å leva og bu i, seier ho.

– Takk for at de gjer ein forskjell
Ordførar Tom Georg Indrevik retta også orda sine direkte mot dei frivillige, og takka for uvurderleg innsats.
– De er med på å gjera ein forskjell. De er med på å gjera den viktige forskjellen for den eine vesle guten eller den eldre som sit åleine, sa ordføraren.
Han meiner einskildsummane som blei delt ut, store eller små, kjem ekstra godt til nytte i lag og organisasjonar.
– Du kan gange sju millionar med både tre og fire når du gir dei til menneske som brukar det til frivilligheita. Her blei pengane spreidd utover, og eg trur alle summane er like viktige for dei som fekk, seier Indrevik.
Her er lista over alle tildelingane:
- Sotra Sportsklubb 650 000 kroner til ALLE MED Fondet + E-Sport
- Fjell Karateklubb 239 000 til nytt inngangsparti
- Glesnes Ungdoms og Idrettslag 200 000 kroner til skateboardområde og bygg i Spildepollen sykkelpark
- Knappskogen Vel 45 000 til oppgradering av kjøkken
- Fjell Kulturminnelag 25 000 til Nordvikkverna
- Vaketylta Kvalvågen 100 000 kroner til segl og mast til gavlabåten Duen
- Telavåg Velforening 100 000 kroner til riving av pipe og ombygging av galleri
- Skogsvåg Ungdomslag 200 000 til nytt kjøkken
- Inri-Kyrkja 30 000 til Refuel Weekend 25
- Telavåg Idrettslag 60 000 kroner til utbedring av tribune + oppstart av damelag
- Klokkarvik Grendalag 50 000 kroner til «Prestikken», oppgradere leikeområdet
- Pensjonistforbundet Nordre Øygarden 20 000 til aktivitet for eldre/pensjonistar
- Sotra Mållag 50 000 kroner til nynorsk litteratur til barn
- Ran Seilforening 50 000 kroner til innkjøp av Optimistjoller
- Torgdagen i Bergen 30 000 kroner til Torgdagen i Bergen
- ADHD Norge Øyane Lokallag 50 000 kroner til boksetrening for barn og unge med ADHD
- Tusen og 1 W 1001W 50 000 kroner til Fjell Festning Lysfestival 2025
- Eidesjøen Grendalag 75.000 til møterom til ungdom
- Morlandstø Bedehusforening 200 000 kroner til å bytte tak og reparera vegg
- Øygarden Kyrkjelege Fellesråd 25 000 kroner til prosjekt God Nok
- Sotra og Øygarden Forsvarsforening 20 000 kroner til utvendig oppussing
- Tremorkirken 20 000 kroner til barneaktivitetar i Tremorkirken
- Nordvik Vel 50 000 kroner til gapahuk til turløype
- Sotra Grappling Kampsportklubb 50 000 kroner til treningsmatter
- Lions Club Sotra 50 000 kroner til Lions Club Sotra sitt humanitære arbeid i Øygarden
- Sotra Golfklubb 500 000 til Trackman Range
- Stiftinga Knarrevikløa 20 000 kroner til oppgradering av Knarrevikløa
- DIVISI 25 000 kroner til Oratoriet Händel’s Messias, Tingvoll
- Sotra Badminton Club 60 000 kroner til Klubbdrakter til alle
- Nest Sotra FK 155.000 kroner til utstyr og gratis fotballskule
- Øygarden Idrettsråd 200 000 kroner til hjertestartarkurs
- Tofterøy Bygdalag 75 000 kroner til Tofterøybrua 50 år
- Kreftforeningen 75.000 til Stafett for livet Øygarden
- Øygardenfilm 100 000 kroner til filmar om kulturhistorie
- Grendahuset Von 20 000 kroner til trapp
- Sund Sportsklubb 200 000 til oppgradering av sikringsskap og nye mål
- Sotra Motocross Klubb 120 000 til lysmaster til motocrossbana
- Kystliv TU 50000 kroner til ungdomstilbod knytt til kyst og identitet
- Fjellkoret 225 000 kroner til Jubeljul – Fjellkoret 40 år og “Prosjektet løfter ikke landet”
- Foreningen Basecamp Ungdomsdiakonitiltak 200 000 kroner til inkludering gjennom deltidsarbeid
- Algrøy Bygdalag 20 000 til opprustning av turløyper på Algrøy
- Treff + 290 000 kroner til 10-års-jubileum, allsong + Demenskor + Grunnkurs i data
- Natteravnene Straume 50 000 kroner til Prosjekt Natteravn
- Kolltveit Blå Kors Speidergruppe 53 000 kroner til Forlegningstelt
- Connectdem AS 50 000 kroner til «Sorg – lengte, vente og leve» – Ein videoressurs for pårørande ved demens
- Vik Grendelag 75 000 kroner til Å skapa ei levende bygd. Vik i Øygarden
- Damekoret Øysong 20 000 kroner til støtte til kurs og sangutstyr
- Øygarden skulemusikkorps 60 000 kroner til Korps for alle
- Fjell Brass 40 000 kroner til Nyttårskonsert og NM-seminar
- Tofterøy KFUK-KFUM-Speidarar 150 000 kroner til Inkluderande skaphengar
- Huldraspelet Velforening 159 000 kroner til lekeapparat til småbarnslekeplass
- Haganes kaffekollektiv 40 000 kroner til kultur og kreativitet
- Vindenes Bedehuslag 50 000 kroner til kjøkkenmaskiner og utstyr
- Øygarden Sporstskyttarlag 80 000 kroner til utstyr for vekst og profilering
- Øygarden Idrettslag 500 000 til SommerCamp 2025
- Hjelteryggen Velforening 116 000 kroner til leikeplass Høgafjellsvegen, Hjelteryggen
- Operation Archery E-Sports Øygarden – 65 000 kroner til E-Sport med plass til alle
- Øygarden Speidergruppe 80 000 kroner til Mangfoldig Friluftsliv
- Norges Jeger- og Fiskeforbund Hordaland 100 000 kroner til plastrydding ved TAM
- Trivselskonsert Vest 260 000 kroner til Julekonsert
- Vest Næringsråd (VNR) 500 000 kroner til prosjekt Samfunnskraft
- Dansegruppen Sotra SK 10 000 kroner til lag t-skjorte