«Sugerøyr i Statskassa og inflasjon» – har du hørt på makan?

edit today
Det er med vantru og stor bekymring vi ser korleis næringslivet vert omtalt når ein ber om straumstøtte til bedrifter i ein krevjande situasjon.

Opprop frå Næringsalliansen – eit nettverk samansett av 16 næringsforeiningar i Vestland. Saman representerer vi meir enn 3000 bedrifter og 150.000 arbeidsplassar:

Mistenkeleggjering om at «bedriftsleiarar puttar pengane rett i lomma» «sugerøyr inn i Statskassa». Og økonomar som argumenterer med at straumstøtta i seg sjølv vil vera inflasjonsdrivande.

For dei aller fleste små og mellomstore bedrifter er ein vedvarande auke i straumutgiftene ein stor trussel for lønnsomheita i bedriftene, og ulønsame bedrifter er rett og slett «dårleg butikk». I den grad ei bedrift har moglegheit til å legge på prisane sine (ut frå konkurransesituasjonen, og kva marknaden er villig til å betale), vil dette sjølvsagt bli gjort – dette er inflasjonsdrivande!

Vi ser ingen grunn til at ikkje bedriftene skal få tilbake nokre av dei milliardane som har rent inn i Statskassa dei siste månadene.
Dette kan gjerast ved å setje eit tak på straumprisen eller ta vekk nokre av avgiftene. Ein enkel modell som ikkje er vanskeleg verken å setja i verk, administrera eller kontrollera.

Det viktigaste vi kan gjera for å skapa nye arbeidsplassar er faktisk å ta vare på dei i utgangspunktet sunne og levedyktige arbeidsplassane som er. Når til dømes eit lite, lokalt bakeri får firedobla straumutgiftene sine, er det ikkje sikkert marknaden er villig å betale den auka prisen for brød og bollar. Vår frykt er at mange ikkje lenger vil drive verksemd, det vil bli færre gründerar og næringslivet vil miste det fantastiske mangfoldet vi har med små- og mellomstore lokale bedrifter.

Stikk i strid med det Regjeringa med næringsministeren i spissen, har sagt er målsetjinga.

Billig kraft var Noreg sitt fortrinn, og suksessfaktor for den tidlege industrien 100 år tilbake i tid. Igjen må Regjering og storting spørje kva som skal vere vårt framtidige fortrinn inn i det grøne skiftet.

Eit næringsliv i omstilling må ha forutseielege rammevilkår. Det som skjer no vil lamma denne omstillinga fullstendig.

Dagens krise er delvis skapt av staten sjølv, noko som gjer det naturleg at den hjelper. Manglande utbygging av sentralt overføringsnett gjer oss her vest eit paradoks der vi produserer mykje meir enn vi forbrukar, men leidningane gjer det lettare å føra straumen austover enn vestover.

Manglande overføringskapasitet mellom nord og sør i Noreg betyr i praksis at næringslivet i Vestland får svært ulike rammevilkår enn nord for oss.
Tilgang på kraft, elektrifisering, aukande energiprisar – vi ser at Regjering og storting har mange kortsiktige og langsiktige problemstillingar som må løysast. Om det ikkje kjem løysingar for næringslivet på dagens straumpris snarast, vil det bety kroken på døra for mange bedrifter.

Dagens system gjer også store utslag. Hushaldningane vert kompensert. Store, kraftkrevjande bedrifter har langsiktige avtaler som i noko grad skjermar dei. Landbruket har fått kompensasjon. Offshoreinstallasjonane sitt skattesystem betyr at staten tar 78 prosent av rekninga. Det offentlege vert kompensert og tenar til dels på dette.

Det som står igjen er ryggraden i det norske næringslivet, dei små og mellomstore bedriftene, handel, verkstader og verft, og reiseliv. Dei einaste som betalar full marknadspris.

Anne-Grete Sandtorv, for Næringsalliansen Vestland

Les også

keyboard_arrow_up