Syns du kommunen er næringsvennleg?

edit today
Ja? Nei? No ber kommunen om næringslivet si ærlege meining i ei undersøking. – Vi vil gjerne bli betre, og då må vi vite kor vi skal begynne å gjere endringar, seier prosjektleiar Hanna Gjesdal.

Denne veka går det ut invitasjon til ei undersøking om kor næringsvenleg Øygarden kommune er. Undersøkinga skal gje svar på kva som er bra og kva kommunen kan bli betre på når det gjeld til dømes brukarvenlegheit, service og saksbehandling på byggesak og plan.

Kort sagt korleis kommunen legg til rette for næringsutvikling.

Svara som kjem inn skal analyserast av uavhengige konsulentar. Dei skal også leie samarbeidsprosessar med næringsliv, politikarar og kommune som saman skal drøfte moglege tiltak. Arbeidet skal summerast opp i ein sluttrapport som seier noko om korleis kommunen og næringslivet kan samarbeida betre framover.

– I samfunnsplanen står det at vi skal vere ein god partner for næringslivet, og det ønskjer vi å vera. Men vi får tilbakemeldingar både frå næringslivet og politikarar at vi har forbetringspotensial, seier Gjesdal, som er einingsleiar plan, geodata og oppmåling.

Undersøkinga blir sendt ut til næringslivsaktørarar, politikarar og tilsette i relevante avdelingar i kommunen.

  • Hvis du ikkje har fått invitasjon til undersøkinga, og vil delta, så kan du ta kontakt med Eli Janette Fosso, på e-post: Eli.Fosso@oygarden.kommune.no  eller på tlf. 56160181.
Ta deg tid til å svara!

Det er styret i Øygarden næringsutvikling som har løyva pengar til å gjennomføre prosessen som har mål om å betra samarbeidet mellom kommune og næringsliv.

– Vi veit at det er ymse opplevingar av kommunen frå næringslivet si side. No vil vi finne ut kor skoen trykkjer, og det vil vi gjera ved å få direkte tilbakemeldingar. Når vi får innspel frå tre sider; politisk, internt og frå næringslivet, vil vi få ei heilheitleg vurdering vi kan setja i gang tiltak utfrå, seier dagleg leiar i Øygarden næringsutvikling, Hanne Misje Lokøy.

Einingsleiar for byggesak, tilsyn og miljøforvaltning, Reidun Våge Danielsen meiner det er viktig at kommunen sine avdelingar lar seg evaluere.

– Mi oppfordring er at næringslivet tar seg tid til å svara på undersøkinga, og bli med i prosessane som blir sett i gang i ettertid. Då kan vi saman med næringslivet komma fram til kva som er best å gjera vidare. Målet vårt er at vi skal bli oppfatta som ein næringsvenleg kommune, seier ho.

Ønskjer god dialog

Vest Næringsråd får stadige tilbakemeldingar frå medlemmar som har utfordringar i møte med kommunen.

– Vi veit at veldig mange av medlemmane våre har kontakt med kommunen og har ei meining om dette. No har vi sjansen til å dele erfaringane våre, og det vil eg oppmoda medlemmane våre til å gjera, seier Kari-Anne Landro.

Planen er at prosjektet skal ende i ein sluttrapport på nyåret. Vest Næringsråd kjem til å følgje arbeidet med prosjekt næringsvenleg kommune gjennom heile prosjektperioden.

Kommunedirektør Johnny Breivik rosar prosjektet som er sett i gang, og meiner direkte tilbakemeldingar i ei undersøking vil gje kommunen konkrete innspel til kva som bør endrast og kva som fungerer.

– Kva er ein næringsvennleg kommune?

– Det er ein kommune som har god dialog, og som legg til rette for næringslivet. Får vi det til på ein god måte så tenkjer eg at vi blir næringsvennlege, meiner Breivik.

Les også

keyboard_arrow_up