Tar imot spørsmål frå bedriftene

edit today
Onsdag kl. 10 stiller Tom Georg Indrevik direkte på Vest Næringsråd sine Facebook-sider, for å svara på spørsmål frå næringslivet.

– Vi er inne i en historisk utfordrende situasjon, både for den enkelte men ikkje minst for næringslivet. Eg har tru på at vi skal komma oss gjennom det, men det vil kreva mykje av alle. Ikkje minst dei små og mellomstore bedriftene, seier Tom Georg Indrevik.

Ordføraren er for tida øvste politiske leiar i ein kommune som har stengt alle skular, alle idrettsanlegg, gjenbrukstasjonen, kundemottak. Alle arrangement er anten utsett eller avlyst.

Innbyggjarane blir bedt om å stort sett halde seg i heimen, og ikkje komma saman i større grupper.

Kva fører dette til for det private næringslivet? Katastrofe for mange. Inntektene forsvinn.

  • Kva kan kommunen gjera?
  • Kva kan Vest Næringsråd gjera?
  • Kva kan den enkelte bedrift gjera?

Ordføraren stiller til nettmøte onsdag kl. 10 for å svara på spørsmål. Still dine spørsmål i kommentarfeltet under hendinga på Facebook, eller send epost til: anders@vnr.no.

Også dagleg leiar Rikard Toft Ledang i Vest Næringsråd kjem til å sitje klar ved tastaturet.

– Vi får spørsmål frå medlemmane, og vi opplever ein vilje til å hjelpa. Heilt konkret har til dømes Sotra Fiskeindustri stilt materiell til rådighet for helsevesenet, fortel Ledang.

I denne spesielle tida vil Vest Næringsråd bistå medlemmane.

Er det noko du meiner vi kan gjera, ta kontakt med rikard@vnr.no eller på telefon: 45280869.

Les også

keyboard_arrow_up