Tilbyr rekordmange lærlingplassar

edit today
Med over hundre lærlingplassar utvidar Live2Learn staben. I løpet av våren startar Martha Landro i opplæringskontoret.

– Vi har ny rekord i talet på læreplassar i medlemsbedriftene våre. Før jul hadde vi fått spørsmål om over hundre, og framleis kjem det spørsmål om fleire, fortel dagleg leiar Grethe Bjorøy.

Sidan starten i 2007 har det fleirfaglege opplæringskontoret følgt opp over 1000 lærlingar, lærekandidatar og praksiskandidatar. Hovudsakeleg innanfor industrien. Men aldri før har medlemsbedriftene deira hatt behov for fleire lærlingar enn akkurat no.

– Stor etterspørsel etter lærlingar

Årsaka er samansett, meiner Bjorøy, men kort fortalt er det gode tider, og mykje arbeid framover for denne delen av næringslivet.

Når arbeidsmengda går opp, treng bedriftene fleire folk, og når det er mange ledige jobbar byter fleire arbeidsplass. Dersom bedriftene då ikkje har fylt på med nye, vil dei stå med for lite arbeidskraft.

– Lærlingordninga er ein god måte å rekruttera på. Alle bedrifter er litt spesielle med eige utstyr og eigne system. Så uansett kven ein tilset må dei lærast opp. Når det no er vanskeleg å finna folk blir etterspørselen etter lærlingar veldig stor, forklarar Bjorøy.

Frå skulen til opplæringskontoret

Behovet for lærlingar i næringslivet gjer også at behovet for fleire tilsette i Live2Learn. Difor har Bjorøy no tilsett Martha Landro. Ho kjem frå jobb som avdelingsleiar for 10. trinn ved Sund ungdomsskule. Ei rolle ho har hatt i ni år, og ein arbeidsplass ho har hatt i 20 år.

– Dette blir noko nytt for meg, sjølv om eg framleis skal jobbe med menneske. Eg er vant med 13-16-åringar, men her er det meir unge vaksne. Eg syns det er veldig kjekt å hjelpa unge til å hamna på rett hylle, seier Landro.

Grethe Bjorøy er glad for å kunna utvida staben med ein tredje tilsett, i tillegg til seg sjølv og Svanhild Hausberg.

– Vi er veldig glade for at vi får med oss Martha. Ho har ein veldig god bakgrunn som passar til det arbeidet vi gjer, seier Bjorøy.

Les også

keyboard_arrow_up