Tok grep då køen til fagprøve hopa seg opp

edit today
Elektrikar-lærlingar kunne gå i månadsvis i vakuum og venta på fagprøven. Det gjekk ikkje det lokale opplæringskontoret med på.

– Dette gjekk ikkje an. Og det gjorde at eg kjente vi måtte gjera noko sjølv, seier Grethe Bjorøy, dagleg leiar i Live2Learn – fleirfagleg opplæringskontor.

Dermed gav ho Vestland fylkeskommune beskjed om at opplæringskontoret ville etablera sin eigen prøvestasjon slik at lærlingane får tatt fagprøven innafor den tida som lova seier dei skal.

– Vi har over femti lærlingar i elektrofaget, og vi melder dei opp til fagprøve den dagen dei startar i lære, altså 2,5 år før prøven skal gjennomførast. Likevel får dei altså ikkje prøva i løpet av læretida, slik dei skal, forklarar Bjorøy.

Blei gåande i tomrom

Manglande fagprøve gjer at ungdommane risikerer å bli gåande i månadsvis utan å kunna søka jobb. Dei kan heller ikkje starta på militærteneste, då dei må stille på fagprøven når den blir sett opp.

– Dette er ikkje greitt, meiner Bjorøy.

Dei tilsette i Live2Learn måtte tåla ros for arbeidet med prøvestasjonen.
Fekk skryt for initiativet

Eit lite halvår etter at tanken om ein eigen prøvestasjon begynte å spire, står den no ferdig i Skaganeset industriområde. Prøvestasjon for fire personar i tillegg til kantine og klasserom.

Med deg er det ikkje berre snakk, du får ting gjort.

– Det er ikkje overraskande når det gjeld deg, Grethe. Med deg er det ikkje berre snakk, du får ting gjort. Då tenkjer eg også på alle dei som du og kollegaene dine har gjort ein forskjell for i mange år, sa ordførar Tom Georg Indrevik under opninga.

– Dette er Rolls-Royce-versjonen av ein prøvestasjon, sa Tommy Kokai i prøvenemnda.

– Fantastisk at de har fått opp denne prøvestasjonen. Her må det vera fint å ta fagprøven, sa Siglinde Svare, fagleiar i Vestland fylkeskommune.

Les også

keyboard_arrow_up