– Veldig motivert for oppgåva

By 14/05/2020Nyheter
I dag fekk Vest Næringsråd nytt styre. Ny styreleiar blei Christian Valdes Carter, viseadministrerande direktør på CCB.

Etter å ha vore utsett på grunn av korona-situasjonen, blei årsmøtet 2020 gjennomført på Teams i ettermiddag 14. mai. Valkomiteen (Linda Moen, Grethe Bjorøy og Kurt R. Andreassen) argumenterte for innstillinga si, og meinte det nye styret var breidt samansett av ulike bransjar, har god geografisk spreiing og god balanse mellom kjønn.

Valkomiteen si innstilling blei vedteken, og dermed ser det nye styret slik ut:

Styreleiar:
  • Christian Valdes Carter – Viseadm. Direktør CCB AS (1 år)
Styremedlemmer:
  • Jannicke Sekkingstad Johannson – Sales Director Sekkingstad AS (1 år)
  • Christina Bollmann Lie – Dagleg leiar Cornelius AS (1 år)
  • Kjersti Nordøy – Leader Communications Equinor ASA (Kollsnes/Sture) (1år)
  • Kai Andre Stæger-Holst – Dagleg leiar Salmo Terra AS (Ny 2 år)(fra vara)
  • Gert Chr. Strindberg – Adm. Direktør Fabtech AS (NY 2 år)
  • Marianne Furheim – Dagleg leiar Straume Mesterbygg AS (NY 2 år)
Vara:
  • Kari-Anne Landro – Tidlegare ordførar i Sund (NY 1 år)
  • Per Helge Martinsen – Seniorrådgjevar Atrium Rekruttering AS (NY 1 år)
– Spennande utvikling i regionen

Styreleiar blei altså 39 år gamle Christian Valdes Carter. Han er juristutdanna frå UIB, og har vidareutdanna seg innan innovasjonsleiing på NHH.

Til årsmøtet poengterte Carter at det samtidig med krisesituasjonen vi er inne i, skjer veldig mykje spennande industriutvikling i Øygarden.

– Det er ein ny fase no. Då tenkjer eg på flyttinga av Bergen Havn til Ågotnes, og etableringa av CO2-lagringsanlegg på Kollsnes. Eg trur desse to vil vera lokomotiva for utviklinga av regionen vår framover. Men Øygarden er også eit senter for fiskeri og sjømat, og det pågår spennende bu- og utviklingsprosjekt. Det blir spennende å sjå dette frå posisjonen som styreleiar i Vest Næringsråd. Det ser eg fram til, og eg er veldig motivert for oppgåva, sa Christian Valdes Carter til årsmøtet.

Dagleg leiar Rikard Toft Ledang er særs nøgd med styresamansetninga, og takksam for innsatsen avtroppande styre og styreleiar har lagt ned.

Author Anders Ekanger

Flere nyheter av Anders Ekanger
Her kjem 13. etasjar med kontor
Vest Næringsråd
X