Verda ser til Øygarden og Energiparken

edit today
Kvar veke kjem det besøkande frå heile verda til Energiparken. Alle lurar på det same: Kvifor beveger Øygarden seg så fort innan fornybar energi og karbonfangst?

– Pappa, du er meir «grøn» enn kva vi nokon gong kjem til å bli, seier døtrene til Ronny Haufe, administrerande direktør i CCB Energy og H2 Production.

Haufe har aldri vore grønare i si yrkeskarriere. Han er nøkkelpersonen for selskap som ønskjer å etablera seg i Energiparken, der er målet å samle grøne, framtidige næringar. Allereie har han sagt nei til fleire verksemder, fordi dei ikkje er grøne nok.

– Vi ønskjer å legga til rette for næringar som betyr noko for det grøne skiftet, og då kan vi ikkje gje vekk land til næring som ikkje har noko med CO2 eller klimavennlig industri å gjere. Då blir det vanskeleg å trekkje til seg dei aktørane vi ønskjer. Eg er heilt sikker på at det vil komme støttenæringar etter kvart når basisnæringane er satt, forklarar Haufe.

– Vi ønskjer å legga til rette for næringar som betyr noko for det grøne skiftet, og då kan vi ikkje gje vekk land til næring som ikkje har noko med CO2 eller klimavennlig industri å gjere. Foto: Trude Brun Wilhelmsen
Spår 50 nye verksemder

Energiparken skal bestå av mange bedrifter i eit industriklyster, og kjem til å gi mange nye arbeidsplassar i kommunen. Parken skal utvidas til 1300 mål.

– Det var gamle Øygarden kommune som kontakta CCB for meir enn 10 år sidan, fordi dei ønska å utvikla næringsområdet og trengte hjelp til dette. For at vi skulle kunne forsvara tidsbruk og ressursar på utviklinga, gjekk vi inn som deleigar saman med Øygarden kommune. Dette var også ei tid der klimautfordringane opptok oss alle, noko våre eigarar, Bernh Larsen Holding og Norsea Industrial Holding, ville bidra til. Vi tok i bruk nettverket vårt, og fekk etter kvart landa ei opsjonsavtale med Northern Lights, verdas første mottaksanlegg for CO2 og Noregs største klimasatsing, seier Haufe.

Den gong var det svært få som hadde trua på Northern Lights, men i dag kan han liste opp meir enn 50 forskjellige verksemder som kan komme til Energiparken som ein konsekvens av det.

Besøk frå heile verda

Verda har også fått med seg det som skjer i Energiparken. Fram til no har dei hatt besøk av alt frå store delegasjonar til statlege etatar, representantar for industri, næring og klima.

Representantar frå Tyskland, Nederland, Belgia, England, India, Japan, Færøyene, Sverige, Danmark, Skottland, Island, Sveits, Finland, USA og Canada har hatt omvisning i parken. I slutten av oktober vart Haufe invitert til ein paneldebatt hos ADNOC (Abu Dhabi National Oil Company) i dei sameinte arabiske emirata fordi dei vart så begeistra då dei var i Energiparken.

– Det visar at du kan vere liten, men likevel ha ei viktig stemme. Eg fekk oppsummera arbeidet og snakke om det vi gjer her ute. «Ronny, what you have showed us – is it possible to export it to us?» Alt vi gjer, kan gjerast andre stadar dersom du har dei same forutsetningane, fortel han.

Hydrogenanlegget er rett rundt hjørnet

I første kvartal 2023 skal det første hydrogenanlegget i Energiparken etablerast. Det er eit pilotanlegg som er første steg på vegen mot storskala produksjon av fossilfrie energiberarar i Øygarden kommune.

– Teknologien vår skal produsera hydrogen av naturgass. CO2 som vert fjerna frå same fabrikk, vert levert til Northern Lights. Det er ikkje lenge til anlegget blir bygd. Det vil produsere i underkant av eit tonn hydrogen i døgnet, forklarar Haufe.

Slik vil pilotanlegget for produksjon av naturgass sjå ut i løpet av 2023. Illustrasjon: CCB Energy Holding

Energiparken har avsett eit område på 5-6 mål til dette anlegget. Ikkje fordi anlegget er så stort, men fordi logistikken vil ta større plass. Alt som skjer rundt er like viktig. Ytterlegare areal er allereie tilrettelagt for ekspansjon.

– H2 Production er både hydrogeneigar og hydrogenproduksjonsselskapet, mens ZEG Power er teknologileverandør og sitter på den unike teknologien. Tenk, det er berre to selskap i verda som har denne typen teknologi med integrert fangst av CO2, fortel Haufe begeistra.

Det er mykje kunnskap samla på ein stad, og mange ønskjer å læra av det som skjer i Energiparken.

– Myndigheitene kjem til oss for å utforma og testa framtidige rammeverk for hydrogen og regelverk som per i dag ikkje eksisterer eller er ferdig utforma for produktet. Det er kult myndigheitene gjer det saman med eit lite selskap som oss. Vi banar veg for nye næringar. Dei som kjem etter oss, kjem til duk og dekka bord!

Les også

keyboard_arrow_up