– Vi skal vere berekraftsekspertar

edit today
Neste veke skal elevar igjen få vist fram dei kreative løysingane sine for framtida. Energimessa er tilbake etter tre års pandemipause.

– Dette er ei tyggisskrape. Den har vi laga fordi det er så mange som kastar tyggis på bakken. Der stivnar den, og så får vi den ikkje oppatt, seier Elise Brekke, 5. klassing på Knappskog skule.

Elevane i klassen førebur seg til å stå på stand på Sartor Storsenter 22. og 23. mars. Der skal dei saman med elevar frå ungdomsskulane og elevar frå den vidaregåande skulen vise berekraftige løysingar.

Lykke Zahl skal vise fram Minions-bamsen ho har laga av gjenbrukte klede, ei dongeribukse og ei T-skjorte.

– Lærarane har sagt at no er det snart Energimessa, og då skal de bli berekraftsekspertar, seier Fredrik Bergsvik Hatløy.

– Kva betyr berekraft?

– Det betyr å ikkje øydelegga framtida, svarer han.

5. klassen på Knappskog er snart klare. Det står berre att å få alt til å fungere som dei har tenkt. Solcellepanelet som skal få lys i pærene på bamsane. Nysgjerrig? På Energimessa får du vite alt om ideane. Tyggisskrapa også.

– Eg trur elevane frå ungdomsskulane har laga noko veldig kult. Håpar det er noko vi kan teste. Det hadde vore gøy. Eg trur uansett det blir bra, seier Elise.

Sist i 2019

– Det er viktig at Energimessa er tilbake. Det bygger fellesskap å ha slike arenaer der elevar og lærarar frå ulike skular kan møtast. Vi har sakna desse fysiske møteplassane siste åra, seier Ingvild Vikingsen Skogestad, avdelingsleiar for mellomtrinnet på Knappskog skule.

Skulen har vore svært aktive med å ta i bruk ny teknologi i læresituasjonar, og har støtta opp om Energimessa frå starten. Skogestad meiner det betyr noko for elevane å få laga noko som skal visast fram for andre enn lærarane sine.

– Nokre står på stand, og andre skal gå rundt å sjå. Håpar det er noko vi kan testa. Det hadde vore kult, seier Elise Brekke (i midten). Til venstre Tiril Olderkjær Rabben, til høgre Ingvild Vikingsen Skogestad.

– Det blir snakka veldig mykje om engasjement, motivasjon og mestring i skulen. Det å skulle vise resultatet til andre skaper nettopp dette i arbeidet. Det gjer at dei legg inn ein ekstra innsats for å få det til og for å få det ferdig.

– I tillegg skal dette vera noko kreativt, og det er noko ein er på sitt nivå. Innovasjon har inga aldersgrense, poengterer ho.

Ein arena for treff på tvers

Energimessa blei arrangert første gong i 2014 på Sotra vidaregåande skule. Sidan er messa blitt utvida til alle skulenivå. No er messa Arrangementet er eit samarbeid mellom Vest Næringsråd, Sartor Storsenter, Sotra vgs, Øygarden kommune og Øygarden Næringsutvikling KF. Det får støtte mellom anna frå Sparebanken Vest og DnB.

Energimessa er også ein del av programmet til marstreffet i Vest Næringsråd.

Målet er å vere ein møtearena mellom utdanning, næringsliv og lokalsamfunn, og ein arena der elvar og lærarar kan treffast på tvers av skular og trinn.

– Som ein ung kommune som fortsatt merker etterdønningsr etter pandemien er det godt å sjå at elevane våre får vist fram kreativiteten og innovasjonsevna si igjen. Få ting fremmar motivasjon og meistring meir enn det å bli sett og anerkjent for arbeidet sitt, seier prosjektleiar er Andreas Nordeide i Øygarden kommune.

Energimessa blir arrangert i området mellom XXL og Clas Ohlson på Sartor Storsenter, onsdag 22. og torsdag 23. mars.

Torsdag kl. 11 blir det delt ut tre prisar (5000 kroner per pris) til utstillarane:

  • Mest innovative stand
  • Best utforma stand
  • Mest publikumsvenlege stand

Juryen er:

  • Camilla Nygård, Sparebanken Vest
  • John Ivar Halvorsen, DnB
  • Gert Chr. Strindberg, adm. dir. Fabtech
  • Hanne Misje Lokøy, Øygarden næringsutvikling KF
  • Kari-Anne Landro, Vest Næringsråd

Sjå filmen frå sist Energimessa i 2019:

Les også

keyboard_arrow_up