Vil komme og stikke uvaksinerte

edit today
Smittevernlegen i Øygarden mistenkjer at ein del utanlandske arbeidarar ikkje har vaksinert seg mot Covid 19. No vil han sende vaksineteamet ut til bedriftene.

– Vi veit at det er mykje skepsis rundt vaksine i nokre land. I tillegg er arbeidarane så iherdige til å jobbe og kver seg gjerne for å ta fri for å ta vaksine, seier Jens Eikås.

Han ber bedriftene i Øygarden leggje til rette for at arbeidarar kan få tatt vaksinen. Dersom det er umogleg å møte opp i Sotra Arena, seier smittevernlegen at dei vil komme til bedriftene og sette vaksine der.

Vil gjera det enkelt

– Vaksine er frivillig i Noreg, men vi prøver å få med så mange vi kan. Eg trur at ein del utanlandske arbeidstakarar ville latt seg vaksinere viss det var enklare å få det gjort, seier han.

Dersom det er bedrifter med interesse for vaksinering av arbeidstakarar og eventuelt besøk av vaksineteamet på arbeidsplassen, kan dette meldast til Signy Mari Ulland på eposten: Signy.Ulland@oygarden.kommune.no.

–  Eg kan ikkje garantere at sjukefråveret går ned, men for bedriftene vil fleire vaksinerte bety at desse ikkje blir så sjuke hvis dei blir smitta. Dei vil heller ikkje ha så lett for å bli smitta, forklarer Eikås.

Denne veka er det drop-in-vaksinering på følgande tidspunkt i Sotra Arena:
  • Onsdag 29. okt kl. 16.00-20.40
  • Torsdag 30. okt kl. 16.00-20.40
  • Fredag 1. okt kl. 09.00-14.40
Informasjonsmateriell frå FHI, som kan delast ut i bedriftene:

Lenkene fører til ulike FHI-sider, som enkelt kan endrast mellom norsk og engelsk språk.

Les også

keyboard_arrow_up