Vil opna museet for meir kultur

edit today
Fredag står Vamp på utescena ved Kystmuseet. Framover vil den ferske avdelingsleiaren Lennart Fjell at utescena med plass til 500 tilskodarar skal bli brukt meir.

– Visjonen er at det skal opnast opp for fleire kulturaktørar. Det er eit museum, og det skal det vera, men det er også ein fantastisk plass å ha konsertar og arrangement. Det ønskjer eg at det skal bli meir av, seier Fjell.

Etter gjennomført ferie har den ferske avdelingsleiaren berre nokre veker bak seg i sjefsstolen etter at han overtok 1. juni. I ferien har museet hatt gode besøkstal, høgare enn begge dei to førre åra.

Avdelingsleiar Lennart Fjell, ved Kystmuseet i Øygarden.

– Det har gått veldig bra. Vi merkar ikkje noko til nedgang slik mange kulturaktørar har gjort. For oss verkar det som at både turistar og lokale har fått augene opp igjen for å besøka musea igjen, seier han.

No håpar Fjell på fullsett konsert, og ein pangstart på hausten med legendariske Vamp fredag kveld. Måndag ettermiddag er litt over halvparten av billettane seld.

Kystpakke-tilbod til næringslivet

Kystmuseet i Øygarden inviterer næringslivet med ei «kystpakke» som inneheld billett og tilgong til VIP-område i Taremare-bygget før konserten. Der får du møte Vamp-medlemmane og ta bilder saman med dei. I tillegg blir det servert smårettar, og ein liten apiritif.

– Det er første gong vi gjer det på denne måten, men vi meiner det kan vera ein ypperleg leidning til å samla medarbeidarane før den tunge hausten kjem, seier Lennart Fjell.

Museet har 50 VIP-billettar til næringslivet, og må stoppe når desse er utseld.

Prisen er:

  • kr. 650,- ved bestilling over 10 personar
  • Kr. 750,- ved bestilling under 10 personar

Bestill direkte til: lennart.fjell@museumvest.no

Les også

keyboard_arrow_up