– Vil vi ha butikkane, må vi bruka dei

edit today
Det første 1000-kroners gåvekortet i emneknagg-konkurransen #takkøygarden gjekk til Evelin Revne frå Steinsland.

Ho hadde handla hos MaTilla i Bildøybakken, og merka eit bilete av det på Instagram med emneknaggen (hashtag) #takkøygarden. Fredag fekk gåvekortet også bein å gå på, i form av nye sko frå same butikk.

– Det vi treng handlar vi i Skogsvåg. Det dei ikkje har der, køyrer vi til Straume for å finna. Å få god hjelp her er supert. Det er så kjekt her, Hilde er alltid blid og gir så god service, seier Evelin, og ser bort på ja, ei smilande Hilde Sævild Teige bak disken.

– Ho ser kva som kler meg, og når eg ikkje føler meg vel i noko, så veit ho om noko anna som passar. Det er så flotte klede ho har her, som ho designar sjølve. Då blir ikkje alle gåande rundt i det same, fortset Evelin.

Kjem langvegsfrå

Øvst i Bildøybakken ligg butikken, i eit bygg som ikkje akkurat skrik «klesbutikk» frå avstand. Men inne bognar det av fargar og fasongar. Klesbutikk for damer.

SOMMARFARGAR: Hilde Sævild Teige merkar at fleire og fleire naboar finn ut kor butikken hennar er i Bildøybakken. – Er det butikk her? Er det fleire som spør når dei kikkar inn.

– Eg har lyst til å ha butikken her. Det er også stadig vekk kundar som seier at eg må halda meg her. Her er så roleg. Her er det dette som skjer, fortel Hilde Sævild Teige, som står bak både butikken og klesmerket.

– I gjennomsnitt brukar ein kunde mellom ein og halvannan time i butikken, seier ho.

På grunn av nettbutikk-drift i tillegg, har ho sørga for ein langt større marknad enn Øygarden. Til butikken fortel ho det kjem grupper med damer frå Oslo, som er på klubbtur til Bergen.

– Det kjem også folk frå Voss og Hardanger. Det er mange som kjenner til merket mitt. Men det er det siste halve året at eg har fått fleire lokale kundar. Til og med denne veka har det kome kundar som bur rett nede i bakken her som seier: Er det butikk her?

Seks dagar i veka

Frå måndag 8. juni vil MaTilla halda open seks dagar i veka. Årsaka er den enorme mottakinga butikken har opplevd etter at samfunnet byrja opna etter korona-krisa.

AVSTANDSGÅVE: Evelin Revne får gåvekortet på 1000 kroner overrekt av Sirianne Hellerud i Vest Næringsråd.

– Vi hadde først fire dagar opningstid, men laurdagen viste seg å bli ein stor suksess, og no skal vi også halda opent måndagane, fortel eigaren.

Sævild Teige har ingen planar om å hjelpe strilar av det motsette kjønn i klesvegen. Til det er dei (vi) nok for konservative.

– Norske menn er diverre ikkje dei som tør mest. Det blir i så fall ein litt enklare kolleksjon. No må eg vera forsiktig med kva eg seier, men variasjonen dykkar er å skifte farge på V-gensaren, seier ho og ler.

Og ho har jo heilt rett…

Alt om haldningskampanjen: Takk for at du handlar i Øygarden finn du på vekstportalen.no – ei ressursside for næringslivet.

Les også

keyboard_arrow_up