500 rydda boss i tre timar
Dette er berre litt av det som blei rydda av boss i Straume-området.

500 rydda boss i tre timar

09. juni | Tekst: Anders Ekanger
Over 500 barn og vaksne frå håndballgruppa i Sotra Sportsklubb rydda søndag idrettsparken, næringsparken og store delar av Straume-området for boss. Og gjer det gjerne igjen.

Sommaravslutninga blei gjort om til ein tre timar lang ryddeaksjon med støtte frå Handelens Miljøfond. Håpet er at bedrifter i området skal sjå kor reint det er blitt, og bli med og bidra økonomisk til neste år.


– Vi veit jo ikkje om vi får dette til neste år, og vil gjerne at bedriftene skal vite at vi har vore her, seier Stian Mikkelborg i håndballgruppa.