Spelet

Vil du ha bedrifta på Øygardsspelet?

11. november | Tekst: Anders Ekanger
Medlemmane i Vest Næringsråd får første sjanse til å sikra seg plass på det nye Øygardsspelet.
Det er Ålesund-verksemda Eventyrlige Produksjoner som står bak, og dei fyller akkurat no spelet med innhald. 

Målet er at spelet skal nå kundar og butikkar til påske. 

– Vi starta med Bjørnafjordspelet førre måndag, og tysdag var det fullt opp på brettet. Sidan har vi fått mange meldingar frå bedrifter som var for seine. Det er kjipt å seie nei, seier Werner Brandahl til Vestnytt. 

Det er plass til 31 bedrifter på brettet. 
 
Kontaktinfo til produsent:
  • Werner Brandal
  • 973 05 908
  • werner@slive.no
  • eventyrligeproduksjoner.no