Indrevik
Munnrappe Indrevik måtte henta seg inn før han klarte å beskriva korleis det var å motta prisen. – Dette betyr utruleg mykje. Tusen takk, sa han.

– Stort engasjement og imponerande energi

11. november | Tekst: Anders Ekanger
Tom Georg Indrevik blei noko så sjeldan som mållaus då han fekk prisen Årets Fyrtårn i Vest Næringsråd.
Prisen går til personar som har hatt spesiell positiv betydning for næringslivet og lokalsamfunnet i regionen – gjennom sitt engasjement, arbeid eller leiarskap. Prisen «Årets fyrtårn» vart delt ut første gong i 2018.

Grunngjevinga frå juryen:

Ordet fyrtårn vert ofte brukt i overført betydning. Når det gjeld leiarskap vert det gjerne brukt som ein metafor for å vise til ein leiar som viser retning og som står støtt i krevjande tider.

Årets fyrtårn er ein synleg leiar. I krevjande tider med endringar, omstilling og uføresette situasjonar, har vinnaren vore tydeleg og trygg. 

Med stort engasjement og imponerande energi er vinnaren til stades, frå det heilt nære til dei store hendingane.

Vinnaren er ein ivrig talsmann for at eit stort og variert næringsliv, er ein grunnstein i eit levande lokalsamfunn. Han set Øygarden og næringslivet vårt på kartet. Han er sjølv flittig brukar av ordet fyrtårn, gjennom slagordet: Øygarden  – eit fyrtårn i vest. 

Vinnaren av «Årets fyrtårn» i Vest Næringsråd er: Tom Georg Indrevik 

Tom Georg


Tidlegare vinnarar:
  • 2018: Kåre Bjorøy
  • 2019: Kari-Anne Landro, Marianne Sandahl Bjorøy og Børge Haugetun
  • 2020: Jarle Vindenes
  • 2021: Hans Jarle Einarsen
  • 2022: Ottar Vik
  • 2023: Kurt Rune Andreassen
  • 2024: Ingvild Skorpen Bøge
  • 2025: Renate Blindheim