Kenneth
Styreleiar Hanne Misje Lokøy delte ut heidersprisen til Kenneth Bruvik.

Kenneth Bruvik fekk heidersprisen

11. november | Tekst: Anders Ekanger
"Han lever for saka med heile seg. Han snakkar på inn- og utpust, og har ei fantastisk evne til å få folk med på laget. Han gjer det for lokalmiljøet, storsamfunnet, planeten og han gjer det for barnebarna sine."
I 2024 innførte Vest Næringsråd ein heilt ny pris. Vest Næringsråd sin heiderspris. Den har berre vore delt ut éin gong. Prisen kan tildelast personar eller medlemsbedrifter som har hatt ei langvarig og sentral rolle i næringslivet lokalt, og utmerka seg på ein spesiell måte. Prisen er ein honnør for innsatsen som er lagt ned for nærings- og samfunnslivet. Utdelinga av prisen er ikkje knytt til faste intervall.

Juryen si grunngjeving:

I år ønsker vi å heidre ein person med eit engasjement som rekk langt utover Øygarden. 

Med meir enn 1500 øyar, holmar og skjer har havet til alle tider vore eit livsgrunnlag for dei som har levd liva sine i øyriket som i dag heiter Øygarden. Både som matfat og ferdselsåre. 

Den teknologiske utviklinga har ført til at havnæringane har utvikla seg enormt. I 2019 stod olje og gass, maritim og sjømat for nesten 30 prosent av verdiskapinga i Norge. I tillegg kjem reiselivsaktivitetar knytt til havet og andre nye havnæringar som veks fram. Dette har gitt og vil framleis gi, store moglegheiter for landet vårt og for Øygarden. 

Denne veksten har likevel ikkje vore heilt utan utfordringar. Prisvinnaren har gripe spesielt tak i ei av dei mest krevjande. Gjennom verksemda si jobbar vinnaren for å spreie kunnskap, men framfor alt å skape handlekraft og konkrete tiltak.

Prisvinnaren har også eit stort engasjement for framtidas arbeidskraft. Han brenn for fleksible tilbod som hindrar ungdom i å felle utanfor utdanning og arbeidsliv. Han var ein slik gut sjølv, som ikkje klarte å sitta stille på stolen. No brukar han eigne erfaringar til å motivere skuleungdom til å fullføre 10. klasse.  

Plastkvalen som enda livet sitt på Vindenes med magen full av plast, vart ein augeopnar for mange. Kvalen sette eit heilt nytt fokus på ei problemstilling som prisvinnaren hadde vore opptatt av lenge. 

I januar er det 10 år sidan hendinga. Kvar einaste dag etterpå, har prisvinnaren brukt denne hendinga til å spreie informasjon, auke kunnskapen om konsekvensane og ikkje minst rydda plast i inn- og utland.

Han lever for saka med heile seg. Han snakkar på inn- og utpust, og har ei fantastisk evne til å få folk med på laget. Han gjer det for lokalmiljøet, storsamfunnet, planeten og han gjer det for barnebarna sine.

Vest Næringsråd ønsker å heidre han for ein heilt enorm innsats for eit reinare hav.

Heidersprisen 2026 går til: Kenneth Bruvik