Aksjon mot Stureterminalen

edit today

Torsdag morgon stenger ei aksjonsgruppe innkøyringa til Stureterminalen. Dei har også blokkert kaianlegget, og sperrar for tankarar. Dei tilsette jobbar heimefrå til situasjonen er avklart av politiet. – Me respekterer sjølvsagt retten til å gjera markeringar og aksjonar så lenge det skjer på ein lovleg måte, men me ser alvorleg på at fartøy frå aksjonistane har brote tryggleikssona, seier Eskil Eriksen, pressetalsperson for Equinor til NRK.

Equinor Stureterminalen. Foto: LK Productions.
Equinor Stureterminalen. Foto: LK Productions.

Les også

keyboard_arrow_up