– Ei bedrift i imponerande utvikling
Bedrifta som vi ønsker å løfte fram i 2026 kan straks feire 10-årsjubileum. Allereie etter eit års drift hadde dei skapt ei levedyktig bedrift med fem tilsette.
Pandemien var ei tøff utfordring for bedrifta. Takka vera gode avtalar i den norske marknaden, kom dei likevel styrka ut av pandemien.
Dei satsa då på utvikling av eit eige booking-system, noko som er uvanleg i bransjen. Det viser eit selskap som vågar å satse og som legg grunnlag for ein skalerbar og effektiv forretningsmodell.
Bedrifta har levert sterke økonomiske resultat dei siste åra. I 2025 passerte dei ein halv milliard i driftsinntekter og eit driftsresultat på nærare 25 MNOK. Resultatet av denne veksten var at dei vart kåra til Gaselle-bedrift i 2025.
Selskapet har meir enn 300 leverandørar rundt om i verda. Dei har eit aktivt og dokumentert forhold til korleis dei arbeider, med å identifisere og handtere risiko knytt til menneskerettar og arbeidsforhold.
Selskapet vektlegg fellesskap, og at det er viktig å dele livets gode stunder med andre. Målgruppa deira er aktive og sosiale vaksne, som har lyst til å lære nye stader å kjenne. Selskapet utviklar reiser som spenner vidt geografisk sett, og som har fokus på det kulturelle, historiske, gastronomiske og sosiale innhaldet.
Turoperatørselskapet med kontor på Straume, har hatt ei imponerande utvikling og har i dag atten tilsette. Det er ekstra fint å vite at dei på eigarsida har med seg eit dansk fond, som har som formål å gje tilskot til spesielle reiser for menneske med fysisk og psykisk funksjonsnedsetting.
Årets bedrift i Vest Næringsråd er: Vitus Reiser

Tidlegare vinnarar av prisen:
- 1998: Nutec Sotra og Sartor Shipping
- 1999: Coast Center Base
- 2000: FMC Kongsberg Subsea
- 2001: Blom Fiskeoppdrett
- 2002: Radio Sotra
- 2003: Sotra Marine Produkter
- 2004: VEX-Gruppen
- 2005: Liegruppen
- 2006: Sartor Storsenter
- 2007: Net El- torget og Sartor Maskin
- 2008: Straume Næringspark
- 2009: Sotra Fiskeindustri
- 2010: AGR Field Operations
- 2011: Turbuss Vest
- 2012: Coast Center Base
- 2013: Telle Gruppen
- 2014: Kobbeltveit Golf og Naturpark
- 2015: ACOS
- 2016: Kystmuseet i Øygarden
- 2017: Cornelius Sjømatrestaurant
- 2018: Sotra Bil
- 2019: Straume Mesterbygg
- 2020: Fabtech
- 2021: Zinken
- 2022: Torsvik Elektro
- 2023: Solidenergy
- 2024: Biomega
- 2025: Sekkingstad