Tildelinga til StoneX
Dei tre gründerane bak StoneX mottok 400 000 kroner frå Stormfondet. Frå venstre: Alexander Hjelle, Knut Inge Eigestad og Kjell Gunnar Vigsø. Foto: Dorthe Iselin Austevoll

Desse får støtte frå Stormfondet

08. november | Tekst: Anders Ekanger
To digitale innovasjonsprosjekt og eit system som kan revolusjonera fjellsprengningsbransjen fekk støtte frå Stormfondet i 2025.
Sidan 2004 har Vest Næringsråd hatt eit tett samarbeid med Agenda Vestlandet og Sparebanken Norge, og delt ut midlar frå Stormfondet.  Gjennom desse åra har meir enn 100 bedrifter eller prosjekt mottatt støtte frå fondet.
Midlane vert delt ut til bedrifter og prosjekt med tilknyting til Øygarden.

Det er vektlagt nyskapande idear eller aktivitetar i tidleg fase, og som bidrar til grøn omstilling eller sosial innovasjon. I år var det 19 søkjarar, der tre får støtte. 

I år er det vektlagt nyskapande prosjekt som bidrar til grøn omstilling eller sosial innovasjon. Det var 19 søkjarar, der tre får støtte:

Vinnarar:
  • Poplar er tildelt promoteringsfilm
  • Klubbmodellen er tildelt kr. 100 000,- og promoteringsfilm
  • StoneX blir tildelt kr. 400 000,- og promoteringsfilm

Meir om dei tre vinnarane:

Poplar tilbyr eit digitalt læringsverktøy for uteskule. Plattformen gjer det mogleg for lærarar å oppretta interaktive læringsspel med kartbaserte oppgaver. Læreplanane i fagfornyelsen vektlegg meir fysisk aktivitet i skulen. Poplar bidrar til å kombinera læring, aktivitet og sosialt samvær. Det bidrar til variert undervisning og auka engasjement hos elevar som ikkje alltid klarar å sitte i ro mange. Prosjektet har komt eit stykke på veg, men juryen ønsker å hjelpa prosjektet vidare ut i Noreg. 



Klubbmodellen er eit digitalt planleggings- og treningssystem. Innhaldet skal bidra til auka kvalitet, motivasjon og gjera treningskvardagen enklare for klubbleiing, trenarar og utøvarar på alle nivå. Programmet gir både spelarar og trenarar verktøya dei treng for å planlegga og gjennomføre effektive økter med ein omfattande database av øvingar som inneheld animasjonar og videoar. Slik kan ein enkelt finna og tilpassa øvingar som passar sitt lag og sitt mål.

 

StoneX er eit oppsamlingssystem for støv som oppstår ved boring i fjell. Dette støvet inneheld kobolt, noko som gjer det helseskadeleg, miljøfiendtleg og klassifisert som spesialavfall. Prosjektet skal leie til ein prototype som skal monterast på ei borevogn. Oppsamlingssystemet løyser ei rekkje utfordringar både nasjonalt og internasjonalt for fjellsprengningsbransjen.