
Har du ein kandidat til «Årets bedrift» eller «Årets fyrtårn»?
Vest Næringsråd deler ut prisane «Årets bedrift» og «Årets fyrtårn» på årsfesten 7. november – og vi vil gjerne ha dine forslag!
Årets bedrift - firmaprisen
«Årets bedrift» er ein 27 år gammal pris i Vest Næringsråd. Kvart år har vinnaren vore med og styrka og utvikla næringslivet i regionen. (Sjå lista over alle tidlegare vinnarar nederst på sida)
Juryen består av styret i Vest Næringsråd, og dei skal gjera ei helheitsvurdering der følgjande ligg til grunn:
- God utvikling og lønsemd
- Fokus på berekraft og kvalitet
- Sterk servicekultur og godt omdømme
- Innovasjon og produktutvikling
- Aktiv marknadsføring og eksport
Har du eit firma i tankane som har gjort seg bemerka i 2025? Send inn ditt forslag til kari-anne@vnr.no. Frist: 1. oktober.
Prisen blir delt ut på årsfesten til Vest Næringsråd, fredag 7. november på Panorama Hotell & Resort.