Illustrasjon: Vilius Kukanauskas, Pixabay
Illustrasjon: Vilius Kukanauskas, Pixabay

Korleis ligg vi an med fotavtrykket?

09. januar | Tekst: Anders Ekanger
Øygarden kommune er i gang med å kutte utslepp og bruke energien smartare. No lagar dei plan for korleis vi kan redusere klimafotavtrykket, endre energibruken og bli flinkare til å bruke ressursane om igjen.
Vest Næringsråd og ressursgruppa Øygarmot samarbeider med Øygarden kommune om å kartlegga korleis næringslivet ligg an i omstillinga. 
 
  • Kor mange er klare til å starta?
  • Kor mange er allereie i gang?
  • Kva kan vi gjera saman for å få fleire med?

Vi håpar bedrifter i Øygarden tek seg nokre minutt til å svara på denne undersøkinga.

Frist for å svara er 25. januar 2026.

Svara blir brukt som kunnskap og inspirasjon for både kommunen og næringslivet, og ein anonymisert oppsummering blir presentert på Øygarmot sitt treff 11. februar 2026. 

Målgruppe for undersøkinga er leiar eller berekraftansvarleg i bedrifta.

Her kan du finne meir informasjon om Strategiplan for klima og energi 2026 - 2030.

undersøking