Lanserte ny start-hjelp for gründerar
Som ei vidareutvikling av Gründerparken Vest vedtok kommunen i juni 2025 at nyetablerte bedrifter skal få tilbud om å vera med i ØyStart. Målet er å nå fleire og å skapa eit større nettverk som får tilbod om aktivitetar og rådgjeving. Samt moglegheit for drop-in kontor og møterom.
Gratis start-hjelp
– Dette er eit lågterskel tilbod til alle ny-etablerarar som ønskjer å vere del av eit nettverk, seier Kari Anne Landro.
Vest Næringsråd som har fått i oppdrag å drifte ØyStart på vegne av kommunen. Gjennom programmet blir ein med i eit lokalt nettverk kor ein vil få invitasjon til arrangement retta mot gründerar:
Kort fortalt gir ØyStart:
- Kunnskap retta mot gründerar
- Kjennskap til andre i samme situasjon
- Tilgang til ressurspersonar i ulike tenester retta mot etablerarar
- Tilgang til drop-in plass i Gründerparken