Vi inviterer til medlemstreff om robotar og framtidas arbeidskraft i forkant av Energimessa 2025.






Danmark og Sverige er inne på topp ti-lista over «robotiserte» land i verda. Noreg er ikkje er mellom dei 20 beste landa. Kvifor? Kva er det vi ikkje ser og ikkje gjer som nabolanda er komt så langt med?
På marstreffet i Vest Næringsråd startar vi med å fordjupa oss i temaet automatisering og robotisering. Er det nokon som framleis meiner at robotane kjem for å ta jobbane våre?
Ungdommen kjem iallefall, og korleis er det smart å forholde seg til dei? Ein arbeidsplass kan ha eit vidt spekter av generasjonar side om side. Med litt enkel kunnskap om kjenneteikn, kan kvardagen bli enklare og med færre misforståingar.
Må vi forholde oss til dagens unge på andre måtar enn før?
Til slutt flyttar vi oss til Energimessa på Sartor, der skuleelevar i Øygarden stiller ut sine berekraftige løysingar for framtida.
Tid: Torsdag 27. mars, kl. 08.30-11.00
Stad: ODEON Kino Sotra