Utviklinga av ein digital plattform som skal støtte pårørande for personer med demens blei tildelt 200 000 kroner.
I år er det vektlagt nyskapande prosjekt som bidrar til grøn omstilling eller sosial innovasjon, og mellom dei 13 søkjarane var det eitt prosjekt som fekk støtte:
- ConnectDem tildeles kr. 200 000,- + promoteringsfilm
Meir om vinnaren og juryen si vurdering:
Personen bak ideen ConnectDem har avdekka eit gap, og meiner samfunnet vil ha mykje igjen for å tilby effektive, varige lågterskeltilbod til den stadig aukande gruppa i samfunnet: pårørande for personer med demens.
Pårørande spelar ei sentral rolle i omsorga for personer med demens og er ein avlastande ressurs for storsamfunnet, men dei står ofte utan tilstrekkeleg hjelp sjølv. Mange pårørande opplever å få ein stressreaksjon i løpet av den perioden dei har omsorg for den som er sjuk.
For å hjelpe så mange som mogleg er det behov for å utvikle ein digital refleksjonsportal med videomateriale til undervisning. Målet til prosjektet å redusere belastninga slik at fleire pårørande til dømes klarar å stå i jobb.
Det er kommunar, organisasjonar og andre føretak som vil vera kundane til ConnectDem i første omgang. Gjennom avtalar med desse vil dei pårørande få tilgang til den nye digitale plattformen.
Sidan dette er ei utfordring som treff mange kommunar og andre føretak knytt til demens, ser gründeren eit potensial for skalering og tilbod om ulike pakkar. Det er også ein langsiktig tanke om at denne type tilbod kan overførast til pårørande for andre typar sjukdomar.
Ideen er ny og bedrifta er i ein tidleg fase for utvikling av konseptet. Søknaden treff på kriteriet om ny kunnskap og sosial innovasjon, og er eit bidrag til eit berekraftig helsevesen og omsorgssamfunn.
Alexandra Vik i ConnectDem blir tildelt kr. 200 000 frå Stormfondet til utvikling av ein digital plattform.
Sidan 2004 har Vest Næringsråd forvalta midlar, bevilga av Sparebanken Vest. Inkludert årets tildeling har 103 bedrifter eller prosjekt mottatt støtte frå fondet.
