Desse 38 får krisemidlar

edit today

Øygarden næringsutvikling har fordelt 4,34 millionar kroner på 38 kriseramma bedrifter.

Like før jul blei det klart at Øygarden fekk ein del av 250 millionarspotten frå Stortinget som skulle kompensera lokalt næringsliv som var hardt ramma av pandemien. Midlene blei delt mellom dei 53 kommunane i Noreg med arbeidsløyse over landsgjennomsnittet.

Kriteria for kven som kunne få midlar blei vedtatt i formannskapet 21. januar, og 26. januar opna kommunen for søknader. Innan fristen 9. februar hadde 41 bedrifter søkt, og på styremøte i Øygarden næringsutvikling 17. februar blei fordeling av 4,34 millionar bestemt.

Sjå heile lista nedst i saka!

– Det har vore kjemperørande å lesa søknadene. Det er ingen tvil om at pandemien har gått ut over mange og ført til at folk har jobba døgnet rundt med å berga det dei har brukt tid på å byggja opp. Eg håpar denne støtta kan få dei over kneiken no når vi nærmar oss ei opning av landet, seier Anita Mannes, dagleg leiar i Øygarden næringsutvikling.

Anita Mannes, dagleg leiar i Øygarden næringsutvikling.

Mannes har vore sakshandsamar for utdelinga av midlane, og kan fortelja at pengane er lagt til utbetaling 23. februar. Det betyr at mottakarane kan venta å ha dei på konto ein av dei næraste dagane.

Men det var ikkje alle søkjarane som kunne få støtte. Det var også nokre av søkjarane som hadde hatt behov for meir enn dei får.

– Det var to søkjarar som dessverre ikkje var registrert i Øygarden, og dermed falt ut. Det var også ei bedrift som berre hadde operert eit par månader i 2019, og som hadde hatt behov for meir støtte. Men vi måtte forholda oss til kriteria som var sett av formannskapet, seier Mannes.

Kriteria for å få midlar var:

  • Verksemda skal ha hatt drift i år 2019
  • Verksemda må ha omsetningssvikt eller likviditetsutfordingar grunna Covid-19 pandemien.
  • Verksemda må vera i restaurant- eller reiselivsbransjen, sosial entreprenør, eller vera ei mindre lokal verksemd med særskilt behov.
  • Føretaket må vera registrert i Brønnøysund under Øygarden kommune.

Så mykje kunne ein få:

  • Omsetning inntil 3 millionar i 2019 kan tildelast 50.000-100.000 kr
  • Omsetning mellom 3-30 millionar i 2019 kan tildelast 150.000 kr
  • Omsetning over 30 millionar i omsetning i 2019 kan tildelast 200.000 kr

Anita Mannes fekk saka om krisemidlar i hende ein time etter at ho hadde starta i jobben som dagleg leiar av det nyoppretta Øygarden næringsutvikling. Ho beskriv prosessen i saka som grundig.

– Gjennom dette har eg blitt kjent med noko av det rike næringslivet i Øygarden, og eg gler meg til å bidra til vekst framover. Eg er veldig glad for at eg har vore med og bidratt til dette. Det har vore rørande, men dei store heltane er søkjarane. Det er dei som lir og som har lidd, meiner Mannes.

Her er tildelingane:
FIRMANAMN:TILDELING I TUSEN:
VILLA VESTRE AS60
SEKKINGSTAD PRESERVING AS50
RAYMA AGENTURER, SUKKERSPINNBODEN.NO50
FOTOGRAF TRUDE BRUN WILHELMSEN AS50
SUND NATURTERAPI Anne Britt Hollup50
ØYGARDEN OPPLEVELSER AS60
RONG CATERING AS60
SOTRA RORBUSENTER AS100
FESTBUTIKKEN A/S50
KAFÉ ROSMARIN AS100
BERGEN FJORD ADVENTURES AS70
PITSTOP SOTRA100
MILLA SAYS AS70
HEIM mur og flis AS50
HOLY COW SARTOR AS100
ALGETUN AS70
SOTRA VILLMARKSENTER AS100
STRAUME RESTAURANTDRIFT AS100
ARKADEN FRISØR AS150
SURPRISEWORLD.NO AS150
TRELLEVIK KYSTFISKE AS150
SKJERGARDSHEIMEN150
SCALMARIN AS150
PINK FRISØRSALONG AS150
NR1 FITNESS VEST AS150
GLESVÆR KAFE & CATERING AS150
BELLE AMIE BRUDESALONG AS150
TORSVIKHUSET EVENT AS150
SALMONCUTS AS150
FRANK WAAGEN TRANSPORT AS150
HEGGEN AUTOSERVICE AS150
SOTRA CONVENIENCE AS150
BERGEN GOKARTSENTER AS150
TRAVELMATE AS150
GJØEN VVS AS150
ZINKEN AS150
Vitus Reiser AS150
CORNELIUS AS200
 4340

Les også

Meny