«Eg brukar eit dagsverk i veka på å stå i kø»

edit today
SKRÅBLIKK: Ein av dei aller mest positive menneskene i Øygarden kjem gåande imot meg der eg sit i bilen med nedrulla vindauge. No slit han. Til og med den kronisk godlynte optimisten slit.

Han seier det likevel utan okk og stønn eller sinte-rynke i panna. Berre rett fram, sånn-er-det-liksom: «Eg brukar eit dagsverk i veka på å stå i kø».

Han pendlar til byen frå Ågotnes-området. Saman med 9318 andre pendlar han til arbeidsplassen på andre sida av brua.

Straffa for det har han allereie sagt to gongar.

Mens eg trekkjer pusten forstår eg at han vil ha meininga mi. Det skal han få. Det skal han verkeleg få. Eg er eit oppkome av tiltak, løysingar og etterlysningar:

– Kvifor er det blitt eitt felt inn i rundkjøringa på Kolltveit frå nord?

– Kvifor stenger dei ikkje Blommen for gjennomkjøring?

– Eller held Blommen og Bildøy open – einvegskjørt – for alle som jobbar på Straume?

– Kvifor slepp alle inn bilar som kjem ut frå Bildøy?

– Kvifor utvidar dei ikkje avkjøringsfeltet på Straume frå vest med 200 meter?

– Kvifor tettar ikkje folk lukene i køen?

– Kvifor MÅ skulane starte i rushtida?

– Kvifor går det ikkje bussar til arbeidsplassane på Straume?

Eg gyv laus! Alle andre får skulda. Eg stiller alle andre til veggs for at eg – kjempeviktige meg – står i kø. Rekorden? Den fortel eg også, den er ein time på dei åtte kilometrane frå Knappskog til Straume Teknologisenter. Åtte kilometer i timen. Ørlitegranne fortare enn ein robotgrasklippar.

Vent litt…

Idiot.

Han kunne sagt det rett til meg etter forelesninga eg holdt om alle manglande tiltak. Han skjønte nok at eg ikkje skjønte det eg burde skjønt. Men han sa ingenting.

Det var eg som bidro til at han brukte eit dagsverk i veka på å stå i kø.

Det var jo meg som var problemet! Eg som ikkje måtte stå i køen gjorde at dei som måtte avgarde blei forsinka. Forsinka til jobb, skule, tentamen, eksamen, legetime, operasjon eller fly.

Eg var jo ein del av løysinga! No startar eg arbeidsdagen heime, og kjører til kontoret klokka ti over ni når køen har løyst seg opp. Etter at dei som ut i rushtida, som jobbar i helsevesenet, skule eller handtverksbedrifter har komt seg på jobb.

Beklagar at eg ikkje skjønte det, og takk for oppvåkninga!

Gratulerer med minus 3-årsdagen!

Anders Ekanger, kommunikasjonsansvarleg i Vest Næringsråd.

Les også

keyboard_arrow_up