I dag er det tre år til opning

edit today
Det er akkurat tre år til det nye Sotrasambandet skal stå ferdig. Det viktigaste for prosjektsjefen i Statens vegvesen er at byggearbeidet skjer utan alvorlege ulykker.

– Vi tenkjer lite på 1. juni 2027. Vi jobbar månad for månad, og passer på at vi er der vi skal vera og løysa det vi må løysa. Vi ser litt kortare periodar om gongen for å kunna følgja opp prosjektet tett, forklarar Lene Sælen Rivenes, prosjektsjef for Sotrasambandet i Statens vegvesen.

– Eg er veldig fornøyd med arbeidet til no. Vi har veldig fokus på tryggleiken til dei som jobbar med prosjektet, og til no har vi ikkje hatt alvorlege hendingar, seier ho.

Midt inne i svaret bankar ho to gongar i bordet. Som eit håndfast håp om at statistikken skal halde seg slik. For når rundt 350 arbeidarar er ute i felten og jobbar med så mange ulike element, er det fare fleire stader.

– Alle skal trygt heim kvar dag

– Vi har hatt hendingar som kunne ført til ulukker. Desse blei raskt løfta veldig høgt opp, og vi møter alle involverte for å ta lærdom. Framdrift er viktig, samtidig skal det ikkje gå på tryggleiken laus, seier Sælen Rivenes.

Å unngå alvorlege ulukker trumfar det å rekke den planlagte opningsdagen om tre år, hvis prosjektet får problemer med balansen mellom dei to.

– Vårt største mål er at alle som jobbar på dette prosjektet skal komme trygt heim kvar dag. Eg trur ingen vil ha denne vegen på bekostning av eit tapt liv, så eg vil heller utsette opning ein månad enn at vi skal miste nokon, forklarer ho.

Sjå kor langt dei har komt! Klikk på bilde for å sjå større versjon: (alle foto: Sotra Link)

Arbeidet med sambandet foregår no over det meste av strekninga. Ein av fire tunnelar er ferdig tvers gjennom fjellet. Drotningsviktunnelen er sprengt ein tredel av. På nye Sotrabrua har begynt brutårna begynt å reisa seg, samtidig som viadukten blir bygd. Overalt er det framgang kvar dag og veke.

– Det er kjempespennende å vera med på dette. Ingen dagar er like, og det er verkelig gøy å være med på et sånt prosjekt, fortel Sælen Rivenes, som også var med då Trekantsambandet blei bygd i Sunnhordland. Den store forskjellen mellom desse enorme prosjekta er at der blei traseen bygd langt vekk frå eksisterande trafikk.

Det får ho brynt seg på på Sotra.

Ber dei som kan om å unngå rushtida

– Vi får ein del protestar om kø for tida. Men det er vanskeleg for oss å trylle. Vi skulle hatt vekk 3000 bilar frå vegen i døgnet, då kunne dei som må kjøre bil komt seg raskare fram, meiner ho.

– Undervurderte de kor komplisert det ville vera å bygga ny veg samtidig som trafikken skal gå?

– Nei, vi har vel alltid sagt at det blir verre før det blir betre. Det er ikkje fleire bilar på vegane i rushtida om morgonen i år enn i fjor, men det flyt dårleg. Vi kjem alltid til å prioritera kollektivtrafikk og mjuke trafikantar, seier Sælen Rivenes.

Les også

keyboard_arrow_up