Ny sjans til å søke Stormfondet

edit today
I 2022 fekk tre bedrifter til saman ein halv million kroner frå Stormfondet. Er det du og prosjektet ditt som får støtte i år?

Sidan 2004 har Vest Næringsråd forvalta gåvemidler til regional næringsutvikling gitt av Sparebanken Vest. Til saman i løpet av desse åra har fondet støtta 99 bedrifter eller prosjekt.

– Det er utruleg kjekt at Sparebanken Vest fortset denne gode tradisjonen, og vi håpar på gode søknader frå Øygarden. Vi blir alltid overraska når vi les søknadene, og det er givande å vera med og velga ut dei beste prosjekta, seier dagleg leiar i Vest Næringsråd, Kari-Anne Landro.

I år er dette kriteriene:

  • Bedrifter lokalisert i Øygarden, eller bedrifter som har prosjekt med utspring i regionen
  • Nyskapande prosjekt som bidrar til grøn omstilling eller sosial innovasjon vil bli vektlagt
  • Samarbeider de med andre aktørar om nyskapande prosjekt? Send gjerne inn ein felles søknad

Midlar og prisar

Den – eller dei – beste søknadene får laga ein profesjonell film (ca. 2 min.) med ein verdi på inntil 50 000 kroner. Videoane blir vist fram for første gong under Øygardskonferansen i november. Filmane kan brukast kommersielt og til å løfta bedrifta/prosjektet vidare. Det blir markering av alle som mottar fondsmidlar.

Størrelsen på tildelte midlar utover film-vinnarane blir vurdert av juryen. Juryen består av styret i Vest Næringsråd og Sparebanken Vest.

Les også:

Vi legg til rette for deg som ønskjer å skapa arbeidsplassar, uansett om ønsket kjem fra ein heilt sprø innovativ idé, eller eit sterkt ønske om å starte for deg sjølv.

  • Rimelege kontor av ulik storleik, møterom og fellesareal
  • Kurs og seminarer med kompetanse- og finansieringsmiljøet
  • Møteplass for oppstartbedrifter i Øygarden

Les også

keyboard_arrow_up