– Eg hugsar ingenting. Eg var død eg

edit today
Kim tok ballen opp med hendene og sette i gang eit angrep med eit langt kast. Alle dei andre snudde seg etter ballen, vekk frå målvakten. Så segna han om.

Han hadde kjent på at han var litt sliten på oldboystreninga, og bytta seg sjølv inn som keeper. Det var då det dramatiske skjedde. Han døydde.

– Eg lurar på om eg hugsar at eg mista balansen. Det er eg ikkje heilt sikker på. Men etter det var alt svart til eg var i helikopteret ein halvtime seinare.

Sånn sett var denne halvtimen ei større psykisk påkjenning for lagkameratane rundt. Det kan du lesa om her. Kim var langt vekke. Hjartet hadde stoppa.

– Eg hugsar ingenting. Eg var død eg, fortel han.

På oldboystreninga på Ågotnes denne søndagskvelden blei Kim Sletvold ein av nesten 3000 personar som kvart år blir ramma av plutseleg og uventa hjartestans i Noreg. Berre 15 prosent overlever, og det såg stygt ut minutt for minutt også for Kim.

Han hugsar ingenting av at han midt i kameratane sin kamp med hjartekompresjonar opna augene og løfta overkroppen opp. Noko som kan skje utan at hjartet er i gang igjen slik det skal. På direktelinja med AMK fekk dei beskjed om å leggje han ned igjen og fortsetta kompresjonane.

Hjartet stoppa på verst mogleg tidspunkt ein søndags kveld. Då var alt stengt.

Kim Sletvold

Til slutt var det brannvesenet sin hjartestartar som berga livet hans.

– Eg er jo inhabil sidan det er blitt brukt ein slik på meg. Men det er kjempebra at hjartestartarar er blitt så tilgjengelege. Med meg stoppa hjartet på verst mogleg tidspunkt ein søndags kveld. Då var alt stengt. I tillegg virka ikkje den første hjartestartaren dei fekk tak i.

GODT SYNLEGE: – Det som er så bra med desse er at dei lyser, og er eit blikkfang, meiner Kim Sletvold om hjartestartarane som er sett opp.

I 2022 bidrog Sparebanken Vest i Øygarden til at det blei plassert ut 16 hjartestartarar i kommunen. Godt synlege grøntlysande hjelparar klare til bruk om det verste skulle skje.

– Ein ting var at eg hadde flaks som overlevde, men eg fekk ein ekstra utfordring i og med at den første hjartestartaren ikkje virka. Det som er så bra med desse er at dei lyser, og er eit blikkfang, meiner Kim.

No når heile kommunen er bra dekka med hjartestartarar vil Sparebanken Vest i Øygarden bidra til at idrettsleiarar- og trenarar får tilbod om gratis kurs for å bli trygge på å ta dei i bruk.

Vi ønskjer å bidra til eit tryggare og betre lokalsamfunn.

Camilla Nygård, Sparebanken Vest

– Vi ønskjer å bidra til eit tryggare og betre lokalsamfunn. Hjartestartarar er bra, men grunnleggjande førstehjelp og det å kunna ta dei i bruk er avgjerande. Det vil kunne vera forskjellen på liv og død. Difor vil vi no følgje opp hjertestartarane vi allereie har gitt, med kurs til trenarar og lagleiarar i idrettslaga, seier Camilla Nygård i Sparebanken Vest i Øygarden.

Initiativtakar Idrettsrådet i Øygarden her representert med Hans Jarle og Ivar Einarsen, saman med banksjef Camilla Nygård i Sparebanken Vest og kultursjef Marian Guddal Hansen.

For Kim Sletvold er hjartestartar-kurs ei svært god nyheit. Han veit veldig godt at det er kombinasjonen hjarte- og lungeredning samt tidleg bruk av hjartestartar som reddar dei 15 prosenta av alle som får hjartestans kvart år.

– Du veit aldri kven som blir ramma av dette. Eg hadde verken kropp eller alder som skulle tilseie at dette skulle ramme meg. Likevel hadde eg tre tette blodårer. Den eine så forkalka at dei måtte bore seg gjennom på sjukehuset, fortel han.

Kim har sjølv erfaring med å leie ulukkesstader frå militæret. Han rosar initiativtakarane i idrettsrådet og Sparebanken Vest for å bidra til kursing.

– Det er kjempeviktig. Sjølv om ein gjerne har vore gjennom førstehjelpskurs tidlegare, er det utruleg viktig å repetera. Dess meir opplæring ein har, dess sterkare står ein når ein kjem opp i ein slik situasjon.

– Reddar ein eitt liv med å arrangera desse kursa, så er investeringa verd det, meiner Kim Sletvold.

Les også

keyboard_arrow_up