– Det ville definitivt hjelpt å hatt ein slik i nærleiken

edit today
Oldboys-gjengen som kjempa for livet til lagkameraten opplevde at hjartestartaren ikkje virka. – Ingen skal måtta oppleve det, seier Camilla Nygård i Sparebanken Vest, som blar opp for hjartestartarskap i Øygarden.

Det går ikkje an å forstå korleis dei hadde det. Old-boys-gjengen som var godt i gang med søndagstreninga. Utan forvarsel låg ein av kameratane på kunstgraset. Hjartet hadde stoppa og fotballtreninga blei forvandla til ein kamp på liv og død.

  • Ein ringte 113
  • Ein tok hjartekompresjonar og ein gjorde munn-til-munn
  • Fleire styrte trafikken i vegen
  • Nokre rydda bana og gjorde klart for luftambulansen
  • To sprang for å henta hjartestartar

– Vi var klar over at det var hjartestartarar her, enten i klubbhuset her eller i hallen. Men det var søndagskveld og låst. Dermed valde vi å køyre knappe kilometeren til ein vi var sikre på å få tak i. Der var også låst, og vi måtte bruka tid på å få kontakt med folk inne, fortel Thomas Garlid.

Hjartestartar nummer to blei redninga

Sekundane gjekk sakte før døra blei opna, og dei kunne hente med seg hjartestartaren dei så sårt trengte. Tilbake ved kameraten var første brannmann på plass, og Thomas kunne overlate hjartestartaren til han.

– Men den gav ikkje støyt. Den fungerte ikkje, forklarar Garlid oppgitt.

– Ingenting er verre enn det, seier Tom-Kristian Turøy, som også sto midt i situasjonen.

– Det er fantastisk at Sparebanken Vest stiller med midler til dette. Med 16 hjartestartarskap har vi store moglegheiter til å dekke store delar av kommunen. I tillegg blir det sørga for at hjartestartarane fungerer, seier Tom-Kristian Turøy.

Til slutt var det brannvesenet som kom med hjartestartar nummer to. Den gav støyt, og etter eit par minutt til med vidare hjarte- og lungeredning begynte lagkameraten å puste for eiga maskin.

– Han var så heldig, meiner Turøy.

Kameraten blei flydd med Luftambulansen til sjukehuset, og fekk behandling. No er han tilbake på treningsfeltet med laget.

– Lagkameratene reddet liv den kvelden, sa lege på Luftambulansen, Christopher Kalhagen Bjerkvig til Vestnytt i november. Omtalen i avisa er også bakgrunnen for prosjektet som Sparebanken Vest støttar. Spesielt setninga:

«…løp også for å hente hjertestarter. Men da de fikk hentet den, fungerte den ikke.»

Falsk tryggleik?

Det er registrert 121 hjartestartarar i Øygarden. 20 i området rundt Ågotnes der fotballtreninga fann stad. Det er berre dei registrerte. Det finns nok fleire. Men kven passar på at desse verkar, er tilgjengelege og faktisk kan vera til hjelp?

– Batteriet og elektrodane går ut på dato, seier Jørn Thomassen, fagsjef i Røde Kors Førstehjelp.

Desse delane må med jamne mellomrom bytast ut. Er vi klar over det, og kven har ansvaret?

– Det er ekstremt viktig at vi får ut informasjon om at hjartestartarar treng å bli oppdaterte for å fungera, seier banksjef i Sparebanken Vest på Straume, Camilla Nygård (t.h.) Her viser Ina Karlsen i Røde Kors Førstehjelp korleis ein blir varsla når eit hjartestartarskap treng tilsyn.
Slik ser hjartestartarskap ut. Til venstre lyser det grønt og startaren er klar til bruk.

Øygarden næringsutvikling, Røde Kors Førstehjelp og Vest Næringsråd tek no initiativ – med støtte frå Sparebanken Vest – til å gjera fleire hjartestartarar tilgjengelege i kommunen. Gjennom prosjektet ønskjer vi å:

  • Sørga for at dei verkar
  • Sørga for at dei blir følgt opp
  • Sørga for kunnskap om bruk

Idrettslag og andre frivillige organisasjoner i Øygarden er invitert til søka om hjartestartarskap, som gjer hjelpen godt synleg og tilgjengeleg når du treng den. Sparebanken Vest på Straume støttar prosjektet med 400 000 kroner, noko som vil dekka 16 hjartestartarskap med overvaking i fem år.

Det blei i fjor registrert 4639 hendingar i Norsk hjertestansregister. Berre 423 personar overlevde. Dei som har størst sjanse til å overleve er dei som får både hjarte- og lungeredning og sjokk frå hjartestartar før ambulansen kjem til staden.

– Her i kommunen kan vi ikkje rekne med ambulansehjelp før tidlegast 25 minutt etter at ein varslar mange stader i kommunen. Då er det spesielt viktig at vi har hjartestartarar som fungerer slik at alle som kjem i ein slik situasjon kan hjelpa, seier Hanne Misje Lokøy i Øygarden næringsutvikling.

– Svært mange bedrifter har hjartestartar, og det er bra. Men når sistemann låser døra og går heim for dagen, heng den gjerne på veggen inne. Vi må få hengt den på utsida, tilgjengeleg for alle. Og ikkje minst registrere den, slik at AMK veit om den og kan guide folk til den, seier Anders Ekanger i Vest Næringsråd.

– Vi har bidratt til fleire hjartestartarar i Øygarden, og ser kor viktig det er at dei også treng vedlikehald. Ingen skal måtta stå i ein situasjon som old-boys-gutta på Ågotnes, der hjartestartaren ikkje verkar når du treng den. Difor er vi med og støttar dette prosjektet, seier Camilla Nygård i Sparebanken Vest på Straume.

– Målet er at fleire hjartestartarar skal være tilgjengelege døgnet rundt, året rundt, og da trenger vi all den hjelp vi kan få frå både kommunen og næringslivet, i tillegg til frivillige lag og organisasjonar. Vi er derfor svært glade for at dette prosjektet nå kan komme i gang og vi gleder oss over engasjementet så langt. Nå håper vi at mange lar seg inspirere til å sjekke status på sine egne hjartestartarar og kanskje også vel å gjera den tilgjengeleg for alle, viss den ikkje allereie er det, seier Ina Karlsen i Røde Kors Førstehjelp.

Les også

keyboard_arrow_up