– Fagarbeidaren har fått høgare status

edit today

På grunn av rekordmange lærlingar måtte opplæringskontoret ha to introduksjonsdagar denne hausten.

– Vanlegvis har det vore nok med ein slik dag, men ikkje i år, seier Grethe Bjorøy, dagleg leiar i Live2Learn – Flerfaglig opplæringskontor.

I auditoriet på Straume Teknologisenter samla selskapet alle dei nye lærlingane sine for å informere om og inspirere til å ta fatt på læretida. Live2Learn har 60 medlemsbedrifter og har lærlingar i 30 ulike fag. Dei mest populære faga er industrimekanikar og elektro- og automatiseringsfaget. I dei to faga har dei fleire søkjarar enn læreplassar.

Tar gjerne imot fleire

– Bedriftene vi samarbeidet med ønskjer å ta inn motiverte og lærevillige lærlingar. Dei har ingen grenser for alder eller utdanningsveg. Difor oppmodar vi om å tenke breidde innan utdanningsveg når ein søkjer læreplass, seier Bjorøy.

Dei siste åra har opplæringskontoret opplevd at bedriftene tar inn fleire nye lærlingar enn før. Ein positiv trend å merka seg. Likevel har dei framleis plass til fleire lærlingar og nye medlemsbedrifter.

Fleire vil ha fagarbeidarar

– Vi merkar konjunkturane i næringslivet, og har hatt ein jamn stigning sidan oljekrisa i 2017, fortel Bjorøy, som også trur oppgangen har å gjere med at fagutdanninga er blitt framsnakka over tid.

– Mangelen på fagarbeidarar har ført til høgare status og fleire søkjarar. I tillegg er det mange som har fått med seg at ein kan ta høgare utdanning etter fullført læretid. Vi opplever at fleire og fleire vel å ta til dømes påbygg, teknisk fagskule eller ingeniørutdanning etter bestått fagbrev, forklarar Bjorøy før ho legg til:

– Dei fleste arbeidsgjevarar ønskjer medarbeidarar med fagbrev i botn!

Les også

keyboard_arrow_up