Henning Hauso (dagleg leiar i Vest Næringsråd) og Finn Tokvam, konferansier for Øygardenkonferansen og Strilepub.

Finn Tokvam gler seg til Strilepub

edit today
Det blir både morosamt og interessant når Tokvam ser på vår region frå eit pub-perspektiv.

Torsdag 29. november skal humoristen og journalisten Finn Tokvam vera konferansier for Øygardenkonferansen. Etter konferansen blir det Strilepub, som er ei oppvarming til Årsfesten.

− Eg gler meg! Eg veit at det er mykje gode folk der ute. Når dette ryktet også sig inn i høgrøysta Bergensarar, seier det litt. Eg har som mål å få bekrefta dette, slik at strilane sjølv kan sjå kor gode dei er, seier Finn Tokvam til Vest Næringsråd.

Han ser fram til den mentale kulturelle avstanden mellom øy- og byfolket.

− Det må jo vera ei fantastisk øy å bu på, sidan de sit fleire timar i kø kvar dag!

Strilane – ein naturleg del av Bergen

− Øygardenkonferansen har eit godt program. Ein kan lære noko nyttig denne dagen. Det er mange kjensler rundt kommunesamanslåing – men det er jo berre infrastruktur. De er jo ein del av Bergen, sjølv om kanskje ikkje Bergensarane ser det slik, seier Tokvam med eit lurt smil.

I Bergen blir til og med Tokvam rekna som stril.

− Eg takkar for ryktet, men eg er nok frå Flåm, seier Tokvam.

− Kva tenkjer du når du høyrer ordet «stril»?

− Vel, dei er jo på mange måtar menneske dei óg … Strilane er driftige og nøysame –  dei sit jo på gull, men nemner det knapt!

Humoristisk debatt

På Strilepub blir det god stemning med aktuelle og uventa spørsmål frå Finn Tokvam, som kjem med si personlege analyse av Nye Øygarden kommune.

Tokvam ønskjer å utfordre ordførarane og andre godtfolk til ein uhøgtideleg quiz.

− Stril eller ikkje stril – ein ting er i alle fall likt. Vi Vestlendingar er gode til å le av oss sjølv, fortel Tokvam.

[divider line_type=»No Line»][nectar_btn size=»jumbo» open_new_tab=»true» button_style=»regular-tilt» button_color=»Accent-Color» icon_family=»none» url=»https://www.vnr.no/event-directory/oygardenkonferansen/pamelding/» text=»Meld deg på Øygardenkonferansen i dag»]

Spesialpris fram til 1. september! 

[divider line_type=»No Line»]

Les også

keyboard_arrow_up