Garanterte for millionen

edit today
Eigarane til Sartor Storsenter var så gira på at Krafttak mot kreft skulle nå million-målet at dei garanterte for det som måtte mangla.

– Hans Jarle skal ha masse kred for arbeidet han gjer rundt denne innsamlinga. Det er han som gjer jobben, og det er utruleg kjekt for oss også at han får det til, seier Ernst Einarsen i Sartor Holding.

Sartor Holding og Olav Thon Eiendomsselskap eig 40 og 60 prosent i Sartor Storsenter. På eit styremøte for kort tid sidan sto det att ganske mange tusen kroner for at innsamlinga skulle nå målet om ein million kroner.

Avgjerda blei tatt, og senter-eigarane garanterte for differansen til millionen.

125 bedrifter har bidratt

– Det var heilt fantastisk. Med summen frå eigarane bikka vi millionen, og nådde målet. Men innsamlinga stengde ikkje, så det har komt inn fleire bidrag også etter dette, fortel Hans Jarle Einarsen.

Per 5. mai har krafttak mot kreft nådd totalsummen 1 027 620 kroner. Det er nesten 300 000 meir enn rekorden frå i fjor.

– 125 bedrifter har bidratt. Det er mange fleire enn nokon sinne. Over ein million til kreftforsking er heilt vanvittig, og eg er utruleg takknemlig. Eit stort tusen takk til alle bedriftene som har bidratt, seier Hans Jarle.

Så mykje er samla inn:
  • 2011: kr. 177 014,-
  • 2012: kr. 255 346,-
  • 2013: kr. 331 297,-
  • 2014: kr. 447 290,-
  • 2015: kr. 605 051,-
  • 2016: kr. 509 880,-
  • 2017: kr. 625 319,-
  • 2018: kr. 501 923,-
  • 2019: kr. 680 122,-
  • 2020: kr. 415 340,-
  • 2021: kr. 735 168,-
  • 2022: kr. 1 027 620,-

Totalt på 12 år: Kr. 6 311 370,-

Gjer noko saman

Eigarane er stolte av senteret som for tolvte gong har vore initiativtakar til innsamlingsaksjonen. Ernst Einarsen håpar aksjonen kan få fortsetja i mange år framover.

– Det er blitt ein dugnadsgreie dette, og det er fantastisk at så mange bedrifter hiv seg med. Mange kjenner nok at støtta går til ein god og viktig sak, og at det gir bedriftene ei følelse av å gjera noko saman, seier Ernst Einarsen.

Han vil berømma fleire som har skapt blest om aksjonen dei siste åra.

– Eg må få hylla Benjamin Torsvik. Han har skapt voldsom blest med Strilasløyfo, og blitt ein viktig bidragsytar. Også ordførar Tom Georg Indrevik som stiller opp og støttar aksjonen.

Les også

keyboard_arrow_up