Grublar du på å starte eigen bedrift, eller sit ved kjøkkenbordet og allereie er igang? Vit at det fins eit fellesskap for slike som deg i Øygarden.
Gründerparken Vest held til i Straume Teknologisenter, og tel akkurat no 14 bedrifter med rundt 17 arbeidsplassar. Sidan starten i 2017 har cirka 40 bedrifter hatt kontor der.
Gründerparken er møteplass og kontorfellesskap for gründerar, oppstartsbedrifter og prosjekt som har vekstpotensial eller er innovative. I Gründerparken vil du inngå i eit miljø med andre gründerar og ein viktig del av konseptet er at leigetakarane deler kunnskap med kvarandre. Du vil få ta del i faglege og sosiale arrangement, samt moglegheit for rådgjeving og kontakt med eit nettverk av ulike ressurspersonar.





Som leigetakar i Gründerparken får ein tilgang på møterom, multifunksjonsskrivar, internett, fellesareal med kjøken og spisebord m.m.

Hjelper kvarandre
– Det aller viktigaste med ein gründerpark er fellesskapet der ein deler kunnskap med andre som er eller har vore i same situasjon som deg sjølv. Slik hjelper ein kvarandre opp og fram, seier Kari-Anne Landro, dagleg leiar i Vest Næringsråd.
Det er Vest Næringsråd som har prosjektansvaret for gründerparken på vegne av Øygarden kommune.
– Ein så stor kommune som Øygarden bør legga til rette for oppstartsbedrifter, og det gjer dei med dette tilbodet. I år skal tiltaket evaluerast, og eg har stor tru på at tilbodet kan spissast og bli endå betre framover, seier Landro.
Ledige kontor
Per juni 2023 er det nokre ledige kontor i Gründerparken Vest, og Landro er klar til å ta imot interesserte. Det er også mogleg å få plass i gründerparken si avdelinga på Ågotnes.
– Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du vil sjå på moglegheiten for å bli ein del av fellesskapet her. Vi har nokre ledige kontor no og til hausten, seier Kari-Anne Landro.
Gründerparken Vest samarbeider med Etablerersenteret om kurs og rådgjeving.
Ønsker du å leige kontor i Gründerparken Vest? Ta kontakt med:
Kari-Anne Landro
Epost: kari-anne@vnr.no
Tlf. 992 45 694