– Heile bransjen slit

edit today

Bedrifter som byggjer og sel av leilegheiter er inne i tunge nedgangstider. Brødrene Ulveseth har dei siste åra levert meir enn 200 leilegheiter kvart år, men er nede i 22 til no i år. – Så låge tal har vi ikkje sett. Dette illustrerer kva som har ramma bygg- og anleggsbransjen, seier Inger Kristin Ulveseth til BT. Det er den høge renta og høge materialkostnader som ligg bak nedturen. Hennar bedrift har 138 tilsette, men ho er mest uroa for underentreprenørane. Ulveseth fortel til avisa at dei kvar dag får spørsmål frå underleverandørar om arbeid for å unngå permitteringar.

Les også

keyboard_arrow_up