– Heldigvis eit meir kjedeleg statsbudsjett

edit today

NHO Vestland meiner Regjeringa no viser ei viss erkjenning av at dei gjorde store tabbar då dei la fram statsbudsjettet i fjor. – Medan alle bremser var sett på for samferdsleprosjekt i fjor, er det gledeleg å sjå at Regjeringa no vil begynne å bygge igjen. NHO Vestland har ei rekkje gongar tatt opp E134 Ny Røldalstunnel med sentrale politikarar. Derfor er vi glade for at dei set spaden i jorda neste år. Regjeringa skal også ha honnør for at de gir midlar til førebuande arbeid for Stad skipstunnel og Fellesprosjektet Arna-Stanghelle, seier regiondirektør Helene Frihammer i ei pressemelding.

Les også

keyboard_arrow_up