Jakten er i gang

edit today
Styret i Vest Næringsråd har lyst ut stillinga som dagleg leiar. – Vi er spente på den, men veit det fins mange gode kandidatar her i regionen som vi håpar vil søkje, seier styreleiar Øyvind A. Langedal.

Siste dagen i mai blei det kjent at noverande dagleg leiar Rikard Toft Ledang hadde takka ja til å bli konsernsjef i Sotra Gruppen. Han trer inn i den stillinga i løpet av hausten 2022. Dermed sette styret i Vest Næringsråd ned ei arbeidsgruppe som skal finne Ledang sin erstattar.

– Den vi søkjer må sjå kor viktig det er med eit aktivt og ambisiøst næringsråd. Det er både styret og medlemmane opptekne av. Det blir så mange moglegheiter framover for næringslivet i Øygarden, og då kan næringsrådet hjelpa bedriftene til å få ta del i desse moglegheitene, seier Langedal.

«Sterkt engasjement»

Torsdag blei stillingsannona publisert på finn.no. I utlysinga blir det poengtert at personen styret søkjer skal løfte og drifte organisasjonen vidare:

«Vi søkjer deg som er engasjert med stor gjennomføringsevne. Du er opptatt av, og har god kjennskap til næringslivet i vår region. Du skal synleggjera bedrifter og jobbmoglegheiter for framtidige arbeidstakarar, samt formidle næringslivet sine interesser ovenfor offentlege styresmakter lokalt, regionalt og nasjonalt. Det er fordel at du har høgare utdanning, relevant erfaring frå næringslivet, organisasjonsarbeid, politikk eller offentleg forvaltning, men det viktigaste er:

  • Sterkt engasjement for utvikling av næringsorganisasjonen
  • Kommersiell innstilling og økonomisk innsikt
  • Solid kunnskap og erfaring innan arrangement, nettverksbygging, marknadsføring og kommunikasjon»
Klare for kandidatar

Styreleiar Langedal er klar til å ta i mot og vurdere alle som søkjer oppimot beskrivinga.

– Foreløpig er vi ikkje nedrent av telefoner, men annonsa er nettopp blitt lagt ut så vi reknar med at vi får nokre henvendingar. Vi har kompetente folk i styret som bidrar med sjølve prosessen, så vi skal nok handtere dette på ein grei måte, seier han.

Les også

Meny